Daglig arkiv: 01 mai 2015

Ravnjentene vidare i NM!

01 mai 2015
Skrevet av:

IMG_2153J16 NM regional runde: Træff-Ravn 0-3 (0-2).

Mål: Adela, Mari og Sonja.

Solid gjennomført kamp av Ravn sitt J16 lag under torsdagens NM-kamp borte mot Træff. Adela skåra etter 3 minutt og Mari etter 22. Etter det vart det mykje stillingskrig med sjansar til begge lag. Sonja punkterte kampen rett før slutt med si 3-0 skåring. Dermed komfortabelt vidare til neste runde i NM som då truleg blir mot eit av dei 3 gjenverandes laga frå Trøndelag. Men det kan og bli mot Herd eller Molde som er dei to andre laga som gjekk vidare frå Møre og Romsdal. Sjansen til heimekamp på Ravn Stadion er absolutt til stades ettersom vi hadde bortekamp no. Men då må vi nok belage oss på ein heilt anna motstand enn det vi fekk i går, sjøl om Træff hadde mange gode enkeltspelarar var dei ikkje like jamne som oss. Samtidig jobba vi hardt og la ned mange km, dermed vart vi vanskelege å ha med å gjere. Flott jobba jenter!

Tap for Ravn Damer.

01 mai 2015
Skrevet av:

Kvinne 7er:
Guard – Ravn 13-4 (3-1)

Valder - Ravn res. 2-12 til Ravn - treningskamp april 2015 -2

Mål Ravn: Ingeborg, Birgitte, Ingrid. (nr. 4 var det berre dommaren som såg)

Det svingar voldsomt for damelaget for tida. Frå 12-2 seier forrige veke til 13-4 tap i dag.
I dag må vi berre innrømme at vi til tider vart rundspelt av eit godt Guard-lag.
Vi starta kampen med altfor stor respekt for Guard, og først etter halvspelt omgang kom vi skikkelig i gang. Resten av omgangen dominerte vi faktisk, og kunne med litt hell her ha godt til pause med uavgjordt.
I pausen snakka vi om at «dei gamle damene på Guard» kom til å gå tom utover i kampen, og at vi etterkvart ville få sjansar.
Det var det stikk motsatte som skjedde. Guard dominerte omgangen frå start til slutt, og spesielt siste 15 minutta rann måla inn.
Dagens Ravnjentepris, og «banens beste», vert i dag keeper Kristiane Hagset som stod ein strålande kamp, og redda oss faktisk frå eit endå større tap.
Oppsummert: Vi taper for eit veldig godt lag i dag, men vi var heller ikkje «heilt på nett».
Eller som eg sa til Guarddamene etter kampen, «for å vere så gamle så spelte dokke ein strålande kamp». Dei var litt usikre på om dei skulle ta det som eit kompliment eller ikkje.
Førstkomande tysdag er det sjanse for å «reise kjerringa» når Ørskog kjem på besøk til Ravn Stadion. Det gler vi oss til.

Per Åsemyr
-trenar Ravn Damelag-

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv