Månedlig arkiv: mai 2015

Viktig siger for J16

28 mai 2015
Skrevet av:

J16 Ravn-Langevåg 6-0 (3-0).

Mål: Sonja 2, Fride 2, Emma G, Tuva.

Ravnjentene sikra seg med dette resultatet i praksis retten til spel i haustens 1. divisjon. Sonja skåra det første på utsøkt vis etter 12 minutt då ho kjem igjennom, tek seg tid og plasserer ballen fint tilside for keeper frå ca 16 meter. Noko seinare er Emma G på plass og set enkelt inn 2-0 på opent mål etter at keeper må gi retur på eit skudd. Rett før pause fossar Fride fram på sida, skjer inn og fyrer av, keeper reddar men må gi retur og den set Fride inn. Dermed 3-0 og komfortabel leiing til pause. I 2. omgang fortset vi på same viset. Eine bildet viser Fride som har passert Langevågforsvaret, fyrer av, ballen går stang-stang, ligg igjen på strek og Sonja får ein lett jobb med å gjere 4-0. Litt seinare får Tuva draumetreff fra langt hold ute på venstresida, ballen går i ein fin bue over keeper til 5-0. Fride kjem nok ein gong igjennom og bankar inn sluttresultatet til 6-0. Greit gjennomført kamp. 3 kampar gjenstår av vårsesongen, to gongar mot Bergsøy og ein mot Blindheim.
IMG_2168 IMG_2167

J16 tapte mot Byåsen

27 mai 2015
Skrevet av:

J16 NM Ravn-Byåsen 0-2 (0-1).

Ca 160 tilskuarar hadde tatt turen for å få med seg denne godbiten av ein fotballkamp. Nokså uvanleg med so mykje folk på ein J16-kamp, men veldig kjekt. Ravn hadde laga ei fin ramme rundt kampen, og dette var stor stas for jentene. Kampen var tett og spanande heile vegen. At Byåsen var eit godt lag visste vi. og det fekk vi også sjå. Men Ravnjentene stod veldig godt opp, innsatsen var herleg og vi fekk vist fram mykje av det som bor i laget. Byåsen sitt mål i 1. omgang kjem etter eit skudd/innlegg frå sidelinja, der Byåsen får kjempetreff og ballen dalar utagbart ned i lengste hjørnet til keeper. I pausa har vi god tru på at vi skal snu dette.

Starten på 2. omgang er verst tenkjeleg for oss. Byåsen får eit unødvendig mål alt etter minuttet. Der står vi for mykje på hælane og ser på. Vi får våre sjansar utover i 2. omgangen, men lykkast ikkje i å skåre. Blant anna blir Fride meia overende i feltet utan at det blir blåst straffe, noko vi var sterkt uenige i…Kampen sett under ett er det greit at Byåsen vann, men forskjellen var ikkje stor. Det var først og fremst i duellspelet Byåsen var hakket tøffare. Det var eit litt meir fysisk lag, som til dagleg spelar i ein tøffare serie enn det vi gjer. Likevel, all honnør til våre jenter som gjorde ein fin kamp. Alle spelarane gjorde ein kjempejobb og spelte opp mot sitt beste, og då må ein berre akseptere at det ikkje haldt heilt denne gong. Men vi er stolte av innsatsen dei la ned. Byåsentrenarane var sjølsagt godt fornøgde med sitt lag, og meinte dei hadde levert veldig bra. Vi fekk også skryt for ein flott motagelse og eit flott arrangement. Så bra jobba alle Ravningar som ordna dette!

NB! Ny kamp i dag for J16. Kl 18:30 på Ravn Stadion mot Langevåg.

Idrettens dag i Gjersetdalen villmarksområde

25 mai 2015
Skrevet av:

 

Haram Idrettsråd inviterer til Idrettens dag i Gjersetdalen Villmarksområde laurdag 6. juni mellom kl 1100-1500.

Invitasjonen om Idrettens dag midt i det geografiske hjartet av kommunen har gått ut til alle styremedlemmer, tillitsvalde og andre interesserte i dei 14 idrettslaga i kommunen. I tillegg er ordførar og kommunestyre, tilsette i kommuneadministrasjonen og Frivilligsentralen invitert.

Dei 14 idrettslaga i kommunen har til saman over 2.800 aktive i ein kommune på dryge 9000 innbyggarar.

Matnyttig

Programmet blir både formelt og uformelt. Ole Martin Korsbrekke i Sp.kl. Herd skal snakke om tryggleiksreglementet i klubben. Reidar Vågnes skal snakke om idretten i eit samfunnsøkonomisk perspektiv der den islandske modellen for samarbeid idrett og samfunn står i fokus. Samarbeid mellom idretten og kommunen står også på dagsordenen til Mikal Skodjereite, som er styremedlem i Møre og Romsdal Idrettskrets.

Det er valår og politikarane er inviterte for å kunne møte idrettens folk i Haram og høyre kva som ligg dei på hjartet.   Idretten i Haram har bygt eller planlegg idrettsanlegg for om lag 100 millionar kroner og kommunen har vore ein svært god samarbeidspartnar.

Familievennleg

Det er greitt å kome seg til Gjersetdalen Villmarksområde både frå Gjerset på Grytestranda og Synnalandsvatnet på Brattvågsida. Det er omlag 45 minutt å gå frå begge sider. Parkering ved demninga i Synnalandsdalen og på Gjerset. Dei som med køyreløyve for handikappa kan køyre helt inn.

–       – Det blir mulighet for å grille laurdagsmiddagen medan drikke blir spandert av Idrettsrådet. Av ulike omsyn må vi ha bindande påmelding innan 31. mai, seier leiar Norvald Lausund i Haram Idrettråd.

Ravnjentene gjekk på ein smell!

21 mai 2015
Skrevet av:

J16 Hødd-Ravn 4-0 (0-0).

Det vart ein tung kveld på nye Høddvoll for eit sigersvant og uinspirert Ravnlag i går. Heimelaget var først og fremst best på innsats, og i går var det nok til å påføre Ravnjentene årets første tap. Etter 9 sigrar og ein uavgjort på årets 10 første kampar, vart vi i går sett på plass av eit Høddlag som flytta føtene fortare, lengre og klokare enn det vi gjorde. For to ukar sidan slo vi akkurat samme laget 8-1. Om ikkje innstillinga er rett, så kan slike ting skje. Dette er jo på ein måte litt av sjarmen med fotball og, men kjedeleg å oppleve sjølv. 1. omgangang var jamnspelt utan dei heilt store sjansane til nokon av laga. I 2. omgang åpna vi tafatt. Etter kvarteret lagar vi straffe, som Hødd skårar på. Det neste kvarteret er vi klart best, spelerane innser at det må jobbast hardt. Vi kjem til mange sjansar i denne perioda, nokre store, men greier ikkje å skåre. I staden aukar Hødd til 2-0 når vi står høgt for å få ei utlikning. Då er det 10 minutt igjen. Etter det er det fjøre sjø, for å bruke eit velkjent uttrykk, og Hødd gjer enkelt 3-0 og 4-0 dei siste minutta.
IMG_2153

Mareritt hadde «happy ending»

13 mai 2015
Skrevet av:

 

Valder - Ravn res. 2-12 til Ravn - treningskamp april 2015 -2

Kvinner 7er:
Ravn – HaNo 7-2 (3-2)
Mål Ravn: Fride 4, Sonja, Ingrid og Birgitte.

Ein fotballkamp kan vere som eit mareritt, det veit alle som brenn for fotball. Dette marerittet hadde heldigvis ein veldig «happy ending».
Første omgang i dag var, for å seie det rett ut, skrekkelig dårlig. Det var ein orgie i feilpasningar, dårlige førstetouchar, og dårlige valg.
Det er sånne omgangar som får trenarar til å rive av seg håret, for dei som måtte ha sånn luksus.
Hadde det ikkje vore for spissane Fride og Sonja, som scora 3 flotte mål, og keeper Kristiane som stod fantastisk i mål, så hadde vi aldri kunne gått til pause med 3-2 leiing. Meget flatterande vil eg seie. Må også nemne at HaNo spelte ein god omgang, det skal dei ha.
I 2. omgang var det «eit heilt anna» Ravnlag som kom på bana. (merkelig eigentlig for det var same laget.)
Touchen satt, pasningane satt,  gløden  og dei gode bevegelsane var tilbake, og vi viste at denne kampen skulle vi vinne. HERLIG.
Kort sagt; Det er dette som gjer fotball til den fantastiske sporten det er.

«Dagens Ravnjentepris» vert i dag delt mellom Fride og Kristiane. Desse to J16-jentene våre regjerte i stor stil i kvar sin ende av bana. Dei var bokstavlig talt dronningane av Ravn Stadion i kveld.
Stor takk til Madeleine Hagset og Sonja Ulvestad, frå J16, som også hjalp oss med kampen i dag. Begge leverte ein meget god kamp.

Per Å.

Førstehjelpskurs

11 mai 2015
Skrevet av:

Ravnlogo raud bunn

FØRSTEHJELPSKURS

IL Ravn arrangerer førstehjelpskurs for alle medlemmer i Ravn. Kurset inkluderer opplæring i hjertestarter.Kurset er obligatorisk for alle trenere, lagledere, Dame– og Herre spillere, og andre som har tillitsverv etc. i IL Ravn.IL Ravn oppfordrer alle medlemmer om å melde seg på!Kurset blir satt opp på to forskjellige kvelder slik at alle skal kunne finne en kveld som passer.

Kurset er gratis!

Kurs kvelder en kan velge i er:

09.06.2015 , klokka 18.00 til 20.00 ved Tennfjord Skule
16.06.2015, klokka 18.00 til 20.00 ved Eidet Kulturhall

Påmelding til leiar@il-ravn.no innen 01.06.2015

J16 slo Hødd

11 mai 2015
Skrevet av:

Ravn-Hødd 8-1 (3-0). Mål: Adela 2, Sonja 2, Fride 2, Mariell, Ingrid.

Ravn hadde torsdag besøk av Hødd. Ravnjentene viste mykje bra spel, og var i tillegg i det effektive hjørnet denne kvelden. Derfor vart det mange mål, og nokre av dei av det vakre slaget. Med 3 mål det første kvarteret vart kampen aldri spanande. Ravn har med dette kome fint i gang i si avdeling med 3 sigrar av 3 mulige. Dette betyr nok at laget blir å finne i haustens 1. divisjon, og vi kan sjå fram mot ein spanande haustsesong. Det skal fortsatt spelast 5 kampar til i vår, men å bli blandt dei 3 beste i ei avdeling med 5 lag, det kan nok ikkje dette laget unngå å greie. Bank i bordet…

GODT JOBBA!

10 mai 2015
Skrevet av:

Da er ei aktiv helg for IL Ravn Fotball over. Vi har gjennomført fotografering for alle lag, og hatt totalt oppimot 120 personer på dugnad på anlegget. Det har vert alt ifra traktor til malerkost i sving rundt omkring på anlegget og det syns. Nå har vi fått et anlegg som er klar til å ta imot ivrige fotballspillere fra fjern og nær.

TAKK FOR INNSATSEN!

Her er noen bilder frå helga.

11210173_10152752845766540_95678342_n 11212280_10152752846186540_1845564087_n 11251575_10152752846211540_517783973_n11119192_10152752845966540_1786264014_n 11255162_10152752845916540_1462522726_n11210101_10152752846111540_1333931137_n 11257628_10152752845836540_827391134_n 11258948_10152752845881540_287004528_n

G16: Siger i bortekamp mot Hessa/SIF

08 mai 2015
Skrevet av:

G 16 Ravn-Norborg seier over Hessa-SIF 07. mai 2015

Hessa/SIF – Ravn/Norborg 1-2 (1-1)
Mål: Emil Naalsund og Magnus Ulvestad.Ra/No sitt G16 lag tok ein sterk bortesiger mot Hessa/SIF i går. Dei har no full pott etter to runder. Emil Naalsund og Magnus Ulvestad scora måla, medan målvaktene Njål Syversen (1. omg.) og Andreas Helgesen Barstad (2. omg.) begge stod særs godt.

Terminliste G16

Ravn damer «reiste kjerringa».

05 mai 2015
Skrevet av:

Valder - Ravn res. 2-12 til Ravn - treningskamp april 2015 -2

Kvinner 7er:
Ravn – Ørskog 6-4 (3-1)
Mål Ravn: Ingeborg, Ingrid, Sara, Amanda, Fride 2.
Det vart ein «rysare» av ein kamp på Ravn Stadion tysdagskvelden. Etter den heller triste kvelden på Color Line sist var det viktig i dag å «reise kjerringa», og vise oss frå ei betre side. Det klarte jentene til gangs.
Eg synest vi vann heilt fortjent, i ein kamp som inneheldt det meste. Gule kort, raude kort, straffe og mykje flott Ravnspel. Spesielt siste halvdel av 1. omgang var vi verkelig kongar på bana.
Innsatsen var i dag på eit nivå som varma eit trenarhjerte. Det har forresten desse jentene gjordt utallige gangar. Ein herlig gjeng.
Ørskog er den suverene vinnaren av 7er-serien frå i fjor, så dette står det respekt av jenter.
Stor takk til Madeleine og Fride, frå J16, som nok ein gong hjalp oss å gjennomføre ein kamp.
Gler oss allereie til neste kamp som er heime mot HaNo neste tysdag 🙂

-Per Å.-

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv