Ravn J16 serieopna med siger

21 april 2015
Skrevet av:
Cornersituasjon

Cornersituasjon

Langevåg-Ravn 0-4 (0-2).
Mål: Fride Lianes 3, Sonja Ulvestad 1.
Då var første seriekampen endeleg unnagjort. Dette var ein kamp vi hadde god tru på at vi skulle vinne. Kanskje litt for god tru. Langevåg viste seg å vere eit bra lag. Godt organisert, jobba hardt, sprang mykje og ein god del spelarar som var flinke med ball. Og bakerst hadde dei ein keeper av høg klasse i Lisa Petrine Raknes. Her har Langevåg potensial til å få fram nok ein toppkeeper på damesida. Langevåg gjekk hardt ut fra start, og skapte fleire situasjonar som kunne ha gitt skåring. Vi røra mykja, stod på hælane og slo i tillegg feilpasningar på ein slik måte at ein nesten skulle tru at det var akkurat feilpasningar vi trena på…Men dette heng sjølsagt også saman med at Langevåg jobba godt og var flinke til å legge oss under press. Det bedra seg litt etter kvart, og vi spelte oss fram til ein del sjansar. Fride lykkast etter vel halvspelt omgang og etter ca halvtimen, og 2-0 stod seg til pause. 2. omgangen var igrunn ganske lik den første. Vi skapte dei største sjansane, og vi skåra to mål. Fride fekk sitt hat-trick, og Sonja var påpasselig framme på ein retur og gjorde 4-0. Fortjent siger, på ein dag der vi ikkje glitra spelemessig. Langevåg spelte sin 5. 11er-klamp i går, og viste nok til at vi kan slå fast at dei blir eit lag å regne med utover i sesongen når dei får litt meir rutine. Og kanskje kan dei knipe ein av plassane i haustens 1. divisjon. Neste kamp for Ravnjentene er mandag heime mot avdelingsfavoritt Blindheim. Og da må vi levere på eit høgare nivå skal det bli poeng. Vi trur kampen om avdelingssigeren kjem til å stå mellom desse to laga. Siste møte var i fjor vår i NM-kvaliken. Det enda 5-1 til Blindheim ute på Blindheim. Men begge laga har hatt ein del endringar i spelarstallane sidan den gongen, så det er ikkje so interessant. Vi ser for oss ein tett og god kamp, og får då ei fin gjennomkøyring før cupkampen mot Træff.
Forøvrig god dømming i går av kampens unge dommer Andre Hauknes Mæhlum fra Langevåg. Full kontroll.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv