Daglig arkiv: 21 april 2015

Ravn Damer knuser Valder i treningskamp.

21 april 2015
Skrevet av:

Valder - Ravn res. 2-12 til Ravn - treningskamp april 2015 -2

Treningskamp damer 7er:
Valder – Ravn 2-12. (0-6)
Mål Ravn: Nathalie 2, Amanda 5, Ingrid 3, Fride 2.
Ravn:
Kristiane Hagset, Madeleine Hagset, Sara Solberg, Andrea Noem, Ingeborg Førdestrøm, Amanda Tenfjord, Ingrid Åsemyr, Nathalie Godø Ness, Fride Lianes.

Det vart «kattens lek med musen» på Valdervoll. Seieren kunne, og burde, faktisk vore mykje større. Så mykje betre enn Valder var vi i dag.
Jentene fekk sjansen til å drille angrepsspel, og den tok dei godt vare på. Spesielt i første omgang vart det rulla opp det eine mønsterangrepet etter det andre. Glimrande ressigert av Ingeborg og Ingrid på kantane. God bredde og stor bevegelse gjorde at vi spelte ut Valder gang etter gang. Skikkelig kosedag med andre ord.
Stor takk til Madeleine og Fride, frå J16, som stilte opp på kort varsel, og som vanlig gjorde dei begge ein god kamp.
Alltid godt med ei god generalprøve, og no ser vi fram mot seriestarten om 2 veker.

Ravn J16 serieopna med siger

21 april 2015
Skrevet av:
Cornersituasjon

Cornersituasjon

Langevåg-Ravn 0-4 (0-2).
Mål: Fride Lianes 3, Sonja Ulvestad 1.
Då var første seriekampen endeleg unnagjort. Dette var ein kamp vi hadde god tru på at vi skulle vinne. Kanskje litt for god tru. Langevåg viste seg å vere eit bra lag. Godt organisert, jobba hardt, sprang mykje og ein god del spelarar som var flinke med ball. Og bakerst hadde dei ein keeper av høg klasse i Lisa Petrine Raknes. Her har Langevåg potensial til å få fram nok ein toppkeeper på damesida. Les meir »

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv