Månedlig arkiv: mars 2015

J16 vann første NM-kvalikkamp

13 mars 2015
Skrevet av:

Ravn-Hasundgot 6-0 (2-0).

Mål: Fride 2, Adela 2, Sonja 1, Ingrid F 1.

Grei seier for Ravnjentene mot eit hardtarbeidande Hasundgot. Ravn hadde mykje ball i denne kampen, skåra første mål etter 10 minutt då Fride fekk eit fint gjennomspel av Adela. Så går det heile omgangen der vi produserer ein heil del sjansar før Adela i det 40. minutt lykkast med eit godt langskudd. Dermed 2-0 til pause og senka skuldre. I 2. omgang malar vi på og Sonja, Fride, Adela puttar kvar sitt mål. Heilt på slutten fastset ein av dagens dubutantar i 11er-fotball, Ingrid Førdestrøm resultatet til 6-0, etter eit av sine flotte raid. Godt gjennomført kamp av jentene. I neste veke skal det avgjerast om vi går vidare, då møter vi Bergsøy heime på tirsdag og Guard borte på onsdag.

Ravn J16 med dobbelsiger

01 mars 2015
Skrevet av:

Ravn J16 deltok fredagskvelden på Herd sin nattcup i Sunnmørshallen. Vi delte spelarane inn i to jamne lag og tok med 3 J14-jenter for å stille nok spelarar. Ravn 1 vann sine 3 kampar i innleiande runder mot Emblem,Stordal og Isfjorden med til saman 12-0, og gjekk lett til semifinale. Ravn 2 hadde litt meir rusk i maskineriet, vann mot Vartdal og Spjelkavik i innleiande, men tapte 3-1 mot eit av Herd laga (Herd og hadde med to lag). Men det heldt likevel til semifinaleplass. Dermed var begge laga klare for semifinale.

Og det var dei to Herdlaga som vart motstandarar. Ravn 1 spelte meget bra også i semifinalen, og vann kontrollert 3-0. Ravn 2 møtte det andre Herdlaget og tok der ein meget fortjent 2-1 siger. Dermed var begge Ravnlaga klare for finale. Ravn 1 var naturleg favoritt etter null baklengs og 15 skåra mål på 4 kampar. Men i finalen var det Ravn 2 som ville mest og vann den greit. Utan at nokon av laga la all verdens prestisje i akkurat den kampen. Naturlegvis stor stemning i Ravnleiren denne kvelden/natta. Juniordamene deltok også og vart nr 3. Bra det, spesielt med tanke på at dei stilte utan innbyttarar. Og det er tungt innandørs.

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv