J16 tok bronse i futsal-KM

20 januar 2015
Skrevet av:

J16 var søndag i Sykkylven og deltok i A-sluttspelet i futsal-KM.
I dei innleiande rundane som var før jul fekk laget full pott der
dei vann sine 4 kampar mot Stranda2, Spjelkavik, Ørsta og Blindheim1.
På søndag starta vi fint og vann kontrollert 3-1 mot Hødd. I kamp nr
2 møtte vi heimelaget Sykkylven, ein av førehandsfavorittane til å
vinne turneringa. Ravnjentene jobba knallhardt i denne kampen og overraska
nok mange her når vi vann 1-0. I 3. kamp møtte vi Åheim, eit lag med mykje gode
spelarar. Det vart ein jamn kamp der ingen av laga greidde å skåre. Dermed 0-0,
og vi hadde sikra vidare avansement. I siste kampen i puljespelet møtte vi
Hareid. Den vann vi 1-0 og sikra oss med det puljesigeren. Vi skulle då møte
Stranda 1 i semifinalen. Det vart som venta ein tett kamp. Vi stanga ei
stund mot Strandamuren før vi fekk ei velfortjent skåring. Dessverre gjekk det
ikkje so lenge før Stranda utlikna, noko flatterande etter spel og sjansar.
Vi hadde fleire sjansar til å avgjere, men Strandakeeperen var god og tok det som kom.
Dermed vart det ekstraomgang på 5 minutt, den enda mållaust etter at vi hadde flest sjansar.
Regelverket er da slik at kampen blir avgjort på fair play. Dvs det laget som har færrest
kort vinner. Sidan ingen av laga hadde kort (eller var i nærleiken av å få det) var det antal
frispark som vart avgjerande. Og i denne kampen hadde vi laga fleire enn Stranda (3 mot 0), som då
gjekk til finalen (som dei vann 1-0 mot Blindheim 2). Litt bittert sidan det var vi som
skapte det meste av spel og sjansar i semifinalen. Men vi gratulerer sjølsagt Strandarane med KM-tittelen,
dei leverte godt når det gjaldt som mest i semifinale og finale. Brattvåg (med Adela og Yvonne)
leverte også ein god innsats, hadde like mange poeng som Stranda i puljespelet, men Stranda gjekk
til semifinalen på bedre målforskjell. Så marginane var små.
Vi møtte Åheim i bronsefinalen. Dei hadde vi spelt 0-0 mot tidlegare på dagen. I bronsefinalen
slapp vi oss laus og hadde full kontroll. Vi gjekk tidleg opp i 1-0 før Åheim utlikna.
Så speler vi ut Åheim og går opp i 4-1. Så blir det litt Hawaifotball, 4-2, 5-2 og tilslutt 5-3.
Fride endar på 8 mål (1 bak toppskåraren Anna Brenne frå Sykkylven). Tuva skårar imponerande 6 mål,
og ho var garantert den spelaren i turneringa som sprang lengst. Anne imponerte i mål med berre
6 baklengs på 10 kampar. 8 sigrar, 2 uavgjort og 0 tap er uansett imponerande av laget, og med det
var vi faktisk einaste laget som gjekk gjennom turneringa utan tap (om ein legg resultatet i fotballkampen til grunn).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv