Trenerteamet for alaget er klart

18 november 2014
Skrevet av:

Seniorlag herre vil i 2015 bli trena av Jan Even Hatlehol og Rolf Hansen.
Laget har alt hatt si første trening.
Jan Even er velkjent i Ravn og treng vel ingen nærmare presentasjon.
Rolf Hansen kjenner vi som ein fotballengasjert journalist i Nordre.
Han trena i haust Brattvåg sitt damelag, og har tidlegare blant anna trena Ellingsøy sitt herrelag.
På junior/gutesida er det ikkje heilt klarlagt korleis det blir enno. Mange av spelerane er ønska av
både Brattvåg, Norborg og Aafk (og sikkert fleire). Det er og diskusjonar på gang om samarbeidslag.
For senior damer er det heller ikkje heilt avklart korleis det vert med laget.
Jentelaget (J16) vil også i 2015 stille med 11ar-lag, som vil bli trena av Øystein Grytten og Alf Røren.
Småjentelaget (J14) har og ei stor spelargruppa, og her har vi fått signal om at Erlend Fjørtoft og Torbjørn Hove
vil fortsette den gode jobben dei har gjort med jentene.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv