J16 vidare til a-sluttspelet i futsal-km

24 november 2014
Skrevet av:

J16 deltok i helga på futsal-km i Sykkylven. Dette var innleiande runder,
laget spelte brukbar futsal og tok seg til a-sluttspelet etter å ha slått
Stranda 2 3-1, Spjelkavik 1-0, Ørsta Dreamteam 4-0 og Blindheim 1 1-0.
I a-sluttspelet møter laget Hødd, Sykkylven, Hareid og Åheim Blå. Dei to
beste laga går til semifinale. Sykkylven er naturleg favoritt i pulja, og vi
trur at kampen om 2. plassen blir meir åpen, og at Ranvjentene skal ha sjans
til å kapre den. Men jamnt i utgangspunktet. I den andre pulja møtast
Guard, Blindheim 1, Blindheim 2, Brattvåg og Stranda 1. Her trur vi Guard
og Blindheim 2 er dei sterkaste laga, men Brattvåg og Stranda kan nok gi dei trøbbel.
Vi dristar oss til å spå at finalen vil gå mellom Sykkylven og Blindheim 2.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv