Damelaget med bronse i Dahle Cup 2014

10 november 2014
Skrevet av:

Dahle Cup 2014:
Ravn: Camilla Vatne, Birgitte Hånes, Ingeborg Førdestrøm, Andrea Noem, Ingrid Åsemyr, Emilie Slyngstad Kalvatn, Amanda Tenfjord og Fride Lianes (J16). (Kun Ravnjenter.)
Etter seier i ein høgdramatisk bronsefinale vart det 3. plass til Damelaget på Dahle Cup i år. Eigentlig vart vi nr. 2, sidan 2.divisjonslaget CFK tok dei to første plassane. Dei var det suverent beste laget.
Det er det beste resultatet vi har oppnådd gjennom 7 år på rad på denne cupen. Andrea Noem og Ingrid Åsemyr har vore med alle åra.
Dahle Cup er ein futsalcup med 7er-mål, og ein meget spesiell “sudden death” tradisjon. Ved uavgjort ved full tid, i sluttspelet, tek ein ut ein spelar pr. minutt til ein står igjen med keeper + ein utespelar, eller scoring sjølvsagt.
I vår “sudden death” i bronsefinalen gjekk den til 2 utespelarar + keeper, før “veslejenta” vår, Fride Lianes (15 år) satte ballen i mål, og vi kunne sleppe jubelen laus for alvor.
Cupen har relativt høgt nivå, og laga er mest frå 3.div. og 2. div. I innleiande kampar slo Ravn blandt anna 2. div-laget Treff to gangar.
I bronsefinalen traff vi også Fjørtoftjenta Marianne Otterlei, som spelar for Malmefjorden. Den gode Marianne skada seg dessverre, og klarte ikkje å fullføre kampen. Håpar det går bra med henne.

Jentene våre er eit godt eksempel på at ein må trivast for å prestere. Sosiale så det held, og konsentrerte når det er tid for det. Dei er ein herlig gjeng å reise på tur med. Det kan ikkje beskrivast, det må faktisk opplevast.

Damelaget har hatt ein god sesong, der spesielt hausten har vore til dels glimrande.
Vil nytte sjansen til å takke J16, med Øystein G. i spissen, for uvurderlig hjelp, både på trening og i kamp. Utan dei hadde vi nok vore historie allereie.
Vil også rette ei stooooor takk til “supersupporterane” våre, Greta og Konstantin, for uforbeholden støtte. Dei reiser rundt med bobilen sin under mottoet “Ravn er best uansett resultat”. Det er berre HERLIG. I helga hadde dei også med seg ein bamse i full ravndrakt, så då auka dei supporterantalet med 50 % . Som eg brukar å seie: “Treng ikkje mange supporterar når kvaliteten er på dette nivået”.

Takkar jentene for nok ein kjekk sesong, så får vi sjå kva vi får til til neste år

Helsing to meget fornøgde sjefar;

Håvard Noem og Per Åsemyr.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv