Daglig arkiv: 18 november 2014

Jubileumsboka i handelen – årets julegåve sikra

18 november 2014
Skrevet av:
No til sals på Bok&Papir Brattvåg, Joker Vatne, Sparebanken Møre Vatne, Bunnpris Eidet, Coop Prix Eidet og Best/ Knutepunktet. Boka blir selt på Jubileumsfesten og på Idrettens dag søndag 23.11. Representantar for IL Ravn kjem rundt på dørene i området etter Jubileumsfesten. Bokkomite: Asbjørn Hatlehol, Oddvar Vatnehagen, Olav Skodje, Jan Farstad, Johan Kaare Tenfjord og Arnt Ove Tenfjord. IL Ravn hovudstyre: Per Chr. Breiset, Mette Gjelsten, Vebjørn Krogsæter, Stein Harsjøen, Arve Krogsethagen og AO Tenfjord.

No til sals på Bok&Papir Brattvåg, Joker Vatne, Sparebanken Møre Vatne, Bunnpris Eidet, Coop Prix Eidet og Best/ Knutepunktet. Boka blir selt på Jubileumsfesten og på Idrettens dag søndag 23.11. Representantar for IL Ravn kjem rundt på dørene i området etter Jubileumsfesten. Bokkomite: Asbjørn Hatlehol, Oddvar Vatnehagen, Olav Skodje, Jan Farstad, Johan Kaare Tenfjord og Arnt Ove Tenfjord. IL Ravn hovudstyre: Per Chr. Breiset, Mette Gjelsten, Vebjørn Krogsæter, Stein Harsjøen, Arve Krogsethagen og AO Tenfjord.

Klart for ei skikkeleg jubelhelg

18 november 2014
Skrevet av:

Pressemelding
IL Ravn markerer 100 år på fleire måtar. Dagen som står på fana er 26.11.1914.
Det byrjer med tenning av julelys fredag 21.11 kl 1800. Ta på deg hovudlykt og bli med. Laurdag er det «Grand Galla» for påmeldte gjestar og søndag 23. 11 er det idrettsmesse med mange aktivitetar og sjølvsagt utdeling av statuettar til alle våre unge fotballspelarar!

TENNING AV JULELYS Den aktive trimgruppa vår tenner eit flunkande nytt julelys som skal lyse i advents- og juletida for Tennfjord, Slyngstad, Eidsvik og Vatne allereie fredag 21.11 kl 1800 ved antennemasta nedanfor Mulen. Mulig at lyset er synleg også vidare rundt. Dette er gjort slik for at det skal lyse under Jubileumsfesten dagen etter. Elles ville nok 1. søndag i advent vere mest naturleg for tenning. Folk er oppmoda om å gå mann av huse med hovudlykter så det kan bli litt av eit syn!

Arnt Inge Gjerde og William Eidsvik har vore pådrivarar og jobba så sveitten dreiv for den. Det er Trimgruppa si jubileumsgåve til idrettslaget og bygdefolket.
Søk også etter Julelys på Ravnfloget! på Facebook.

JUBILEUMSFEST. Laurdag 22.11. kl 1800-2100 er det Jubileumsfest og sal av boka i Eidet kulturhall. Randulf Bakken skal vere festleiar. Vi har fått påmelding frå ca 150 personar. Vi har fått påmelding frå fleire av dei som spelte for Ravn på 1950-talet, mellom anna over halve laget som pryda framsida av Jubileumsboka etter sigeren 4-0 over Brattvåg våren 1957. Også mange av dei som spelte på laget under baneopninga i i 1965 kjem.

IDRETTENS DAG Etter CUPFINALEN Søndag 23.11. Mellom kl 1600-1900 prøver vi oss med noko heilt nytt.

I tillegg til å presentere idrettslaget, ha kiosk og boksal og ha ein tradisjonell avslutning med utdeling av statuettar til alle aktive, vil Jubileumskomiteen prøve å presentere nye aktivitetar som ikkje har rotfeste her, men som kanskje kan vere kjekt å prøve likevel? Det vil bli videoar av ulike aktivitetar som ikkje blir presentert konkret og fysisk.

Hittil er det desse som er «påmeldt»/gitt positivt svar om deltaking:

Friidrett => har bekrefta deltaking
Golf => har bekrefta deltaking
Badminton => har bekrefta deltaking
Ålesund Seilforening => har bekrefta deltaking (Optimistjolle ++)
Vestnes Bueskyting => har bekrefta deltaking
Møre og Romsdal Idrettskrets => har bekrefta deltaking
Skodje trialklubb => UTE

Eit artig eksperiment som vi voner publikum vil setje pris på.

Velkomen til oss i helga!

Trenerteamet for alaget er klart

18 november 2014
Skrevet av:

Seniorlag herre vil i 2015 bli trena av Jan Even Hatlehol og Rolf Hansen.
Laget har alt hatt si første trening.
Jan Even er velkjent i Ravn og treng vel ingen nærmare presentasjon.
Rolf Hansen kjenner vi som ein fotballengasjert journalist i Nordre.
Han trena i haust Brattvåg sitt damelag, og har tidlegare blant anna trena Ellingsøy sitt herrelag.
På junior/gutesida er det ikkje heilt klarlagt korleis det blir enno. Mange av spelerane er ønska av
både Brattvåg, Norborg og Aafk (og sikkert fleire). Det er og diskusjonar på gang om samarbeidslag.
For senior damer er det heller ikkje heilt avklart korleis det vert med laget.
Jentelaget (J16) vil også i 2015 stille med 11ar-lag, som vil bli trena av Øystein Grytten og Alf Røren.
Småjentelaget (J14) har og ei stor spelargruppa, og her har vi fått signal om at Erlend Fjørtoft og Torbjørn Hove
vil fortsette den gode jobben dei har gjort med jentene.

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv