Strålande sesongavslutning av G16

31 oktober 2014
Skrevet av:

I sesongens siste kamp vart Herd slått 4-1 borte. I kampen før det vart gode Hødd sett på plass med 5-1 heime og i kampen
før det slo laget Rollon 3-1. Det harde og gode treningsarbeidet denne gruppa har gjennomført under Jan Petter Hagens
kyndige leiing, har nok vore heilt avgjerande for at ein presterer ein slik innspurt på tampen av ein lang sesong.
G16 enda dermed på ein sterk 3. plass i 1. div bak Aafk og Hødd. At 3. plassen er
meget fortjent er det ikkje tvil om, laget har slått både Hødd og Aafk i år. Og kampane som er tapt mot desse har vore svært
jamne. Laget har også sendt vidare gode spelarar til blant anna Aafk denne sesongen, og likevel fortsett å levere på
topp nivå. Det er knallsterkt. Spelarane vart også kretsmesterar i den noko svakare 7ar-serien, og er mellom dei som skal gjerast stas på
under laurdagens kamp mellom Aafk og VIF på Color Line stadion. Vi gratulerer spelarar, trenar og foreldre med ein fantastisk sesong!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv