God veke for seniorlaga våre

12 september 2014
Skrevet av:

Tirsdag var a-laget herre på tur til Sunnylven der dei fekk seg ein etterlengta siger mot
Sunnylven/Stranda2 i 5. divisjon. Dette var eit viktig oppgjer i botnen av tabellen der
Ravn vann 5-2 og har med det kontakt med Ørskog og Hasundgot på plassane framom. Sunnylven/Stranda
er fortapt i botnen av tabellen.
Damelaget var i går på Høddvoll der dei noko overraskande slo 2. plasserte Hødd2 med 5-1.
Dette er i 4. divisjon damer der alle laga spelar 9er-fotball. Ravn stilte som vanleg eit
meget ungt lag med blant anna 3 15-åringar. Så dette var ein sterk prestasjon mot eit
langt meir rutinert Hødd-lag. Måla vart skåra av: Emilie Kalvatn 2, Ingrid Otterlei 2 og Amanda Tenfjord.
Ny kamp søndag kl 16 for damene, denne gong heime mot langveisfarande Åheim/Selje.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv