Månedlig arkiv: september 2014

Alaget med skrell

18 september 2014
Skrevet av:

5. divisjon: Ravn-Hovdebygda 1-0 (1-0).
Mål: Mats Even Hatlehol.
Ei aldri so lita «bombe» på Ravn Stadion i går kveld då 3. plasserte Hovdebygda måtte
reise heim utan poeng. Ravn har dermed vunne 2 på rad, og passerte Hasundgot på tabellen.
3. sist no, men har heng på Ørskog som ligg 2 poeng føre. Men Ørskog med verkar å ha funne
ei viss haustform. Heilt overraskande var ikkje gårsdagens siger. Laget har heva seg etter
at Andre Larsen og Kjell Terje Brusdal kom til. Samtidig hadde ein til denne kampen med
G16-spelarane Severin Longva (keeper), Benjamin Kofoed og Parfait Bizoza. Og det var ei
klar styrke av laget. Neste kamp er søndag kl 15 heime mot Stordal. Stordal ligg i toppen
med like mange poeng som Vigra, og dette blir ein meget tøff kamp for Ravnlaget.

God veke for seniorlaga våre

12 september 2014
Skrevet av:

Tirsdag var a-laget herre på tur til Sunnylven der dei fekk seg ein etterlengta siger mot
Sunnylven/Stranda2 i 5. divisjon. Dette var eit viktig oppgjer i botnen av tabellen der
Ravn vann 5-2 og har med det kontakt med Ørskog og Hasundgot på plassane framom. Sunnylven/Stranda
er fortapt i botnen av tabellen.
Damelaget var i går på Høddvoll der dei noko overraskande slo 2. plasserte Hødd2 med 5-1.
Dette er i 4. divisjon damer der alle laga spelar 9er-fotball. Ravn stilte som vanleg eit
meget ungt lag med blant anna 3 15-åringar. Så dette var ein sterk prestasjon mot eit
langt meir rutinert Hødd-lag. Måla vart skåra av: Emilie Kalvatn 2, Ingrid Otterlei 2 og Amanda Tenfjord.
Ny kamp søndag kl 16 for damene, denne gong heime mot langveisfarande Åheim/Selje.

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv