J16 vann Stordalscup

02 juli 2014
Skrevet av:

J16 stordalscupDet har vorte tradisjon for desse jentene å spele finale i Stordalscup. For 2 år sida møttes dei i finalen på kvart sitt lag (Ravn-Norborg). Då vann Norborg knepent. I fjor spelte dei fleste på Ravn J14, som då slo Sunnylven i finalen. I år var det tøffare konkurranse i J16-klassa. I første kamp møtte vi Sykkylven som vi hadde 3 sure 1-målstap mot i dei 3 siste seriekampane i år og i fjor. Men no var det vår tur. Vi var det beste laget og vann fortjent 2-0 i ein tett kamp. I kamp nr 2 møtte vi Ørskog som ga oss tid og rom, og jentene leika seg til ein 8-0 siger. I finalen møtte vi Stordal som hadde gått vidare frå pulja med Brattvåg og Tomrefjord. Finalen vart ikkje særleg velspelt. Stordal tok leiinga tidleg før vi utlikna halvvegs. Resten av kampen vart det mykje rot pga mykje skader og en ball som var meir utafor bana enn innpå. Dermed skulle det avgjerast på straffekonk. Den var avgjort etter at laga hadde skote 3 straffer kvar. Ravn sette alle sine, medan Ravnkeeper Trine Haram redda alle Stordal sine forsøk. Fortjent siger til Ravn. Laget bestod av: Trine Haram, Mari Røren, Emma Søvik, Tuva Bjørbekk, Emma Grytten, Hanne Hofseth, Fride Lianes, Sonja Ulvestad, Ingrid Vatne, Ingeborg Førdestrøm og Mariell Naustdal.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv