Ravn J16 tapte i dramatisk nabooppgjer

13 mai 2014
Skrevet av:

J16 Brattvåg-Ravn 3-2 (2-1).
Mål: Ingrid 1, Mariell 1.
Det vart tap av det litt sure slaget mot Brattvåg i går.
Ravn var passive frå start, Brattvåg særdeles effektive og det stod 2-0 etter 8 minutt.
Utover i omgangen hever Ravn seg litt, men det blir med den eine reduseringa til Ingrid.
Feilpasningane florerer og mange av jentene er langt unna sitt vante nivå.
2. omgang startar også særdeles dårleg. Brattvåg kjem på ein sjeldan visitt, og ein Brattvågspelar
går i bakken. Snubling sei Ravnjentene og publikum. Straffe og raudt kort til Benedicte sei kampen
sin ellers gode dommar. Men vi meiner han her gjer ei kjempetabbe. Raudt kort var utruleg strengt
idømt og ei klar feilvurdering av situasjonen. Men dømt er dømt. Brattvåg skårar på straffa og
vi ser ut til å ha en tung siste halvtime framføre oss. Men det merkast ikkje på bana at vi er ein mindre,
vi skjerpar oss og trykker Brattvåg bakover. Ikkje lenge etter forrige straffesituasjon er det vi som får straffe,
og Mariell set den sikkert inn. Vi har ballen mykje resten av kampen, produserar ein god del sjansar mot
forsvarsmuren til Brattvåg, men greier ikkje å skåre.
Oppsummert så taper vi mot eit Brattvåg som er effektive. På den positive sida så har vi ballen mest og vinn sjansestatistikken.
Men alt i alt så taper vi først og fremst fordi uvanleg mange er under pari, pasningspelet er ikkje i nærheita av det som det
har vore dei siste kampane. Innsats og glød var heller ikkje på det nivå det brukar å vere.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv