Ravn J16 opna serien på flott vis

08 mai 2014
Skrevet av:

J16 Herd-Ravn 1-2 (0-1).
Mål: Emma G, Fride.
Ravn J16 serieåpna på søndag borte mot Herd. Der overraska ein nok både seg sjølv og motstandar.
Det unge Ravnlaget jobba hardt heile kampen gjennom, og vart belønna med 3 poeng.
Kampen starta jamnt med 2 velspelande lag. Dei heilt store sjansane uteblei, men begge lag fekk
vist at dette er lag som gjeng på bana for å spele god fotball. I det 30. minutt får Emma G ballen
litt på skrå, i overkant av 20 meter frå mål, sender avgårde eit skudd som går inn i keepers lengste hjørne.
Fin skåring, og dette held seg ut omgangen, og ingenting å seie på at vi leiar til pause.
I 2. omgang blir vi sett under eit massivt press, men Herdspelerane skal brodere seg gjennom litt for mykje.
Til tross for at dei stort sett har ballen heile tida, blir ikkje det så mykje avslutningar av det.
Men i det 27. minutt får dei frispark frå 20 meter meter som endar i skåring. Der og då var det nok mange
Ravningar som tenkte at no glepp det. Herd fortset å presse, men mot slutten ser vi på ny gode tendensar i
Ravnlaget som kjem på ein og anna overgang. I det dommaren skal til å blase av kampen, vinn Fride ballen på midten
og kranglar seg gjennom heile Herdforsvaret, set ballen i mål og sigeren er eit faktum!
Skikkelig jobbesiger for Ravnjentene mot eit av Sunnmøres beste lag.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv