Ravn J16 vann første NM-kvalikkamp

26 februar 2014
Skrevet av:

IMG_1433
NM-kvalik J16: Ravn-Aksla 6-3 (5-2).
Mål: Ingrid Vatne 3, Sonja Ulvestad 2, Ingeborg Førdestrøm 1.

Kampen gjekk under strålande speleforhold på Ravn Stadion. Ikkje kvart år vi har slike forhold for fotball 25. februar. Ravnjentene tok ganske tidleg leiinga 1-0,
men Aksla svara ganske kjapt med eit fint gjennomspel og det stod 1-1. Men Ravn var det beste laget i 1. omgang, sprang mest, jobba hardast og spelte i periodar fin
fotball. Og det var slett ikkje ufortjent at ein kunne gå til pause med 5-2 leiing. I 2. omgang var Aksla det førande laget, pressa oss bakover i store periodar og spelte
seg til ein god del store sjansar. På 5-3 var Aksla ved eit par høve nære ved å redusere ytterligare, og då hadde det blitt særdeles spanande sluttminutt. Dette var
i ei periode då Ravnlaget såg slitne ut, og det vart litt for mykje pusling og småspel. Mot slutten av 2. omgang kom vi meir med igjen, fekk spelt oss til nokre bra sjansar
og kunne rett før slutt punktere kampen med 6-3 skåringa.

12 lag er meldt på til årets NM-kvalik frå Sunnmøre. Laga er delt inn i 3 puljer på 4 lag. Puljevinnarane går vidare til regionale runder, der ein skal møte lag
frå Nordmøre/Romsdal og Trøndelag. Blindheim og Stranda er dei 2 andre laga i Ravn si pulje. Blindheim må finne seg i å vere favoritt i denne pulja.

Brattvåg har nok havna i den tøffaste pulja. Der spesielt Herd og Guard er gode lag. Desse 2 laga kjem til å vere heilt i toppen av årets serie trur vi.
Herd er favoritt med sin knallsterke 98-årgang, men Guard har og eit godt lag etter at laget i år har fått påfyll av fleire gode jenter frå Valder.
Det 4. laget i denne pulja er Spjelkavik. Første kamp i denne pulja gjekk i går der Herd slo Spjelkavik 7-1.

Den siste pulja består av Hødd, Volda, Bergsøy og Hasundgot. Hødd spelte i går 2-2 mot Volda, og vi er meir usikre på styrkeforholda på laga i denne pulja.
Men vi trur ikkje desse laga er på nivå med dei beste bylaga i alle fall.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv