J14.07 1. div: Hasundgot-Ravn 2-6 (1-1)

24 oktober 2013
Skrevet av:

Mål: Fride 2, Emma G, Sonja, Tuva, 1 sjølmål.
Hasundgot hang lenge med, leia 1-0 og det sto 1-1 til pause.
Hasundgot leia også 2-1 10 minutt ut i 2. omgang, men så løsna det endeleg for Ravnjentene.
I store periodar spelte vi veldig bra fotball. Hasundgot vart springande mykje i mellom, og utover i
kampen såg vi mykje fint pasningsspel og gode kombinasjonar. Men sjansesløsinga var stor. Alt for ofte
avslutta vi for dårleg aleine med keeper, og vi burde ha skåra mykje meir mål i denne kampen. Men det var
i alle fall stigande trend frå Herdkampen, både når det gjaldt spel og innsats. Vi enda med det på 4. plass i 1. divisjon.
Ikkje heilt der vi håpa å vere, men sesongen bør vi likevel vere rimeleg godt nøgd med. To cuper er vunne (Stordalscup og Orklacup).
Vi tok 2. plass i 1. divisjon i vår. Og på fredag reiser vi til Volda og speler årets siste kamp i 9ar-serien.
Der tek vi nok 1. plassen, med mindre vi gjer ein svært dårleg kamp der inne.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv