Håpet om KM-tittelen for J14 rauk i går

16 oktober 2013
Skrevet av:

J14 1.div: Ravn-Sykkylven 1-2 (0-2).
Mål: Fride.
Sykkylven har enno ikkje avgitt poeng denne sesongen, men ingen kunne ha sagt noke på om dei
hadde gjort det i går. Men dei har Sunnmøres beste keeper, og ho vart avgjerande i går.
Ravn måtte vinne denne kampen for å ha håp om å kapre 1. plassen, og gjorde eit godt forsøk.
Det mangla ikkje på 100% sjansar, men ein «umuleg» keeper stoppa det meste.
Kampen var jamn, men ganske tidleg i 1. omgang glapp det for oss to gongar og dermed ein dårleg start.
Vi heva oss men greidde ikkje å skåre. 2 målsleiing til Sykkylven til pause var alt for mykje etter
spel og sjansar. I 2. omgang sette Sykkylven oss under press i starten, men gradvis kom vi oss inn i kampen
igjen og starta å produsere nye sjansar. Midt i omgangen lykkast Fride med eit gjennomløp, kom åleine med
keeper og dunka ballen i mål. Vi er no godt med, og har bra sjansar til å utlikne, men det vil seg ikkje heilt.
Sykkylven har og sine sjansar til å auke, men vikarkeeper Anne står svært godt i denne kampen og tek det som
kjem av forsøk. Jentene skal ha ros for at dei står godt på heilt til siste slutt, men det haldt dessverre
ikkje heilt inn mot dette gode Sykkylvslaget.
God dømming av Eivind Hagen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv