G14 11ar: Hødd tok KM-tittelen

21 oktober 2013
Skrevet av:

kmkampG14.11 1.div: Ravn/Norborg-Hødd 0-1 (0-1).
Perfekt ramme om kampen på Ravn Stadion i går. Klart og fint haustver, og ca 130 tilskodarar.
Dette er svært uvant kost i ein G14-kamp, og må vel også vere publikumsrekord på Ravn Stadion etter at
kunstgrasbana stod ferdig i 2008. Dei to beste G14-laga i Sunnmøre Fotballkrets skulle avgjere kven
som stakk av med KM-tittelen. Hødd måtte vinne for å sikre seg tittelen, for Ravn/Norborg hadde uavgjort
høgst truleg vore nok (ein måtte då ha slått Blindheim i siste gjenståande kamp).

Kampen opnar med eit lite overtak til Hødd, og alt etter 5 minutt kjem skåringa som viser seg å bli
avgjerande for kampen. Ravn/Norborg ser ut til å ha kontroll, men Hødd er aggressive i presset og vinn
ballen, spelar seg rundt på kant, får lagt inn og får stå litt for aleine i feltet og styre ballen i mål.
Det bølgjar no fram og tilbake, og begge lag viser mykje bra spel, og vi får også sjå at her er mykje
spelarar med gode ferdigheiter. Kjekt å sjå. Vi noterar 2 store sjansar til i 1. omgang, eit til kvart lag.
Vi ser ballen i mål etter litt klyngespel i Hødd-feltet, men Hødd sin keeper får etterkvart kontroll på ballen.
I motsett ende spelar Hødd seg gjennom, og er svært nær å auke til 2-0, men ballen går i stolpen.

I 2. omgang blir det litt meir stillingskrig, og laga ser ut til å bli litt meir prega av høge skuldrar.
Sjansane er ikkje so mange, men dramatikken er absolutt til stades. 12 minutt før slutt ser vi igjen
ballen i mål etter eit fint angrep frå Ravn/Norborg. Vi spelar oss fint igjennom på venstresida, er aleine
med keeper, men frå litt skrått hold stryk ballen dessverre på utsida av stolpen. Hadde den gått hadde vi nok
fått sett eit liv på Ravn Stadion som det hadde gått gjetord om i årevis. Ellers er ikkje målsjansane so mange,
men der er masse situasjonar, og der er diskutable straffesituasjonar i begge ender. Blant anna blir nok Tobias
hindra på ulovleg vis når han er på veg full fart igjennom. I motsett ende ser det også ut som Ravn/Norborgspelarane
ved eit par høve er litt for røffe inne i feltet. Men totalt sett er det kanskje greitt at det ikkje blir blåst
når ein først legg seg på denne linja.

Kampen sett under ett hadde vel Hødd eit lite spelemessig overtak, og ein 1-0 siger var kanskje greit. Men eit
uavgjortresultat kunne vel heller ingen ha sagt so mykje på. Ravn/Norborg skal uansett gå med høgt heva hovud etter
dette, for dei ga Hødd kamp heilt til døra og var berre eit mål unna.
Ein skal og vere klar over at dette Hødd-laget held eit høgt nasjonalt nivå. Og det er ei fjør i hatten for Ravn/Norborg at
det er oss dei må konkurrere hardast mot. Gøy var det også med det store publikumsframmøtet. Solid jobb av alle, og sjøl
om det ikkje gjekk heilt vår veg, var det likevel ei feststund vi fekk oppleve på Ravn Stadion. Takk til G14!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv