Damelaget : Ravn-Volda2 1-0.

07 oktober 2013
Skrevet av:

Dame 4.div. 7er: Ravn – Volda2 1-0. (0-0)
Mål : Marie Henriksen.

Det vart ein svært jamn og spennande kamp mellom Ravn og Volda søndagskvelden. Nesten utrulig at det kun vart scora eitt mål i dette sjanserike oppgjeret.
Første omgang var jamnspelt, men utover i andre omgang tok Ravn meir og meir over. Det såg ut som jentene hadde bestemt seg for at denne kampen skulle dei vinne. God trøkk i duellane, og betre og betre valg både offensivt og defensivt. Det var difor fullt fortent då Marie skar igjennom og klinka ballen i krysset med venstrefoten. Strålande. Amanda hadde også eit stangtreff, etter ein dobbelsjanse, som vi på sidelinja “såg i mål”.
Godt gjennomfødt kamp av alle jentene i dag, men “Dagens Ravnjentepris” går i dag til Amanda Tenfjord, tett fulgt av Ingeborg Førdestrøm. Til Amanda for utretteleg jobbing. Det verkeleg lyste seierslyst av henne, spesielt i andre omgang. Veldig god til å spele andre gode. Til Ingeborg, reservekeeper, som stod ein prikkfri kamp i mål. Ikkje at det overraska oss, vi veit at Ingeborg er ein svært god keeper, i tillegg til å ha ein av dei beste venstreføtene på Sunnmøre.
Vel blåst jenter. Siste kamp er heime mot Hareid. Med siger her kan vi faktisk passere Volda på tabellen. Vi gler oss til den kampen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv