Damelaget : Ravn-Hødd2 1-9.

04 oktober 2013
Skrevet av:

Dame 4.div. 9er: Ravn – Hødd2 1-9. (1-4)
Mål : Marie Henriksen.

Hødd kom til Ravn Stadion med to store sigrar i haust, 30-0 mot Hareid og 19-2 mot Herd. Vi gjekk difor med bange anelsar til denne kampen. Vi frykta rein overkøyring, for vi må berre innrømme at Hødd er i ein “eigen divisjon” i denne divisjonen. Sjølv om ingen likar å tape så mykje, var det aldri snakk om total overkøyring.
Grunnen til det er at jentene gjekk fryktlause til oppgåva. Det var gildt å sjå at i periodar av kampen var vi heilt på høgde. (Rett nok i korte perioder, men dog..)
Vi var einige om å ligge lavt og halde laget godt samla. Det lykkast vi godt med, men det gjekk sjølvsagt utover det offensive spelet.
“Dagens Ravnjentepris” går i dag til Martine Otterlei, med Oda Nybø Christensen hakk i hel. Martine for nok ein meget solid kamp i mål der ho redda oss frå eit mykje større nederlag. Oda for kompromisslaust og kontant forsvarsspel. Ho sette seg verkeleg i respekt i denne kampen. Herleg å sjå Oda sånn.
Vi har to kampar igjen i haust, mot Volda og Hareid. Begge heime. Desse vert veldig viktige for den endelege tabellplasseringa. Vi går for siger i begge desse, og det er vi gode nok til.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv