Damelaget på Dahlecup

28 oktober 2013
Skrevet av:

Vi hadde tre målsettingar då vi reiste til Kristiansund. Få god kamptrening i futsal, gå vidare til sluttspelet og å få ei kjekk sosial helg i lag. Vi klarte to av tre, vi gjekk nemlig ikkje vidare til sluttspel.
Ein av grunnane til dette var at vi kom i pulje med begge finalelaga, Molde1 og CFK1. CFK1 slo Molde1 6-0 i finalen, og var det suverent beste laget.
Kamp 1 innleiande: Molde1- Ravn 4-3.
Mål : Ingeborg Førdestrøm og Pauline Neergård 2.
Klart beste kampen vår. Vi tapte knepent for det nest beste laget i turneringa, og det hadde ikkje vore noko å seie på om vi i alle fall hadde klart uavgjordt. Store sjansar på slutten, men vi klarte ikkje å sette dei dessverre.
Kamp 2 innleiande: CFK1 – Ravn 9-1.
Mål: Marie Henriksen.
Her vart vi regelrett rundspelt, det må vi berre innrømme. Vi møtte eit svært bevegelig og ballsikkert lag, så vi fekk til de grader sett “kvar lista ligg”.
Kamp 3 innleiande : Ravn – Malmefjorden2 2-2.
Mål: Marie Henriksen og Andrea Noem.
Dette var kampen vi skulle vinne, og det burde vi til de grader også gjordt. Det er fortsatt ei stor gåte for meg kvifor for mange av spelarane våre ikkje “var på nett” i denne kampen. Ukonsentrert er vel eit dekkande ord for litt for mykje av det som skjedde.
Her gjekk vi til “dekka bord” men vi forsynte oss ikkje. Dei mest utrulege sjansar vart brendt, og Malmefjorden scora på dei to sjansane dei hadde. BITTERT, men sånn er fotball, på godt og vondt.

Fordelen med å ikkje gå vidare var at vi, for første gong, kunne nyte ein knallgod hotellfrokost i fred og ro. Etterpå var vi i Dahlehallen og heia Oda Sperre Tennfjord fram til gull i J16-klassa. (Herd)

Oppsummert: Veldig trivelig helg. Det er det alltid saman med desse jentene. Sportslig – litt under pari, sjølv om motstanden til tider var veldig tøff.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv