4.-plass for A-laget etter 4-1 mot Sunnylven

14 oktober 2013
Skrevet av:

Ravn snudde 0-1 ved pause til 4-1 mot nedrykksklare Sunnylven/Stranda 2 på Ravn stadion laurdag. Og når Åmdal slo Vigra gjekk Ravn opp og tok 4.plassen i sin comebacksesong i 5.divisjon.

Ravningane som avslutta sesongen var: Bertil Arntsen, Bent Nedrevold (Thomas Aarseth), Øyvind Farstad, Thomas Bjørlykhaug, Øystein Longva Tennfjord, Even Vatneødegård, Mads Even Hatlehol(Jørn Heggelund), Eivind Grøtt Ulla, Eivind Hagen (John Ivar Eide), Trond Hamre, Knut Egil Lid.

Kampen baud ikkje på særleg finspel, og frå Ravns side kan 1.omgangen i rusletempo forbigåast i stillheit. SIL låg lavt og kompakt. Ravn sleit med å finne åpningar, men hadde likevel største sjansane på to stolpetreff. I staden vart det 0-1 etter corner like før pause.

Ravn heva seg etter pause og fekk meir fart på ballen, men sløste med sjansane og måtte vente til langt ut i omgangen før måla kom. 1-1 kom på kampens finaste angrep, Eivind spelte fri Knut på venstre, han la inn på første touch og der kom Thomas Aarseth og banka ballen i mål. Thomas hadde forøvrig eit friskt innhopp tidleg i kampen og sette fart i Ravnangrepet.

SIL hadde ein kjempesjanse til 1-2 på ei kontring, men Bertil avverga glimrande og hadde også ei matchvinnarredning til. På slutten røynde det på for eit gjestelag utan innbyttarar, og mål av Jørn og John Ivar, igjen etter fine legg frå venstresida, avgjorde kampen. Jørn kunne fort hatt eit par mål til, m.a ein suser frå 20 meter i tverrliggaren. Toppscorar Trond Hamre gjorde 4-1 då han vann duellen mot den gode SIL-keeperen.

Trenar Torbjørn Hove var nøgd med at disiplane hans greidde å snu kampen, og godt nøgd med sesongen totalt:
– Det vart ingen stor kamp i dag, men vi skaper sjanser og vinn til slutt greitt. Vi er like under toppen av divisjonen og har vel totalt sett gjort ein sesong litt i overkant av forventningane.
– Kva skal til for å sikte enno litt høgare?
– Då må vi trene litt meir, helst ei økt til i veka, avsluttar Tobben, som ikkje veit om han går på den 3. strake sesongen som A-lagstrenar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv