Daglig arkiv: 28 oktober 2013

Damelaget på Dahlecup

28 oktober 2013
Skrevet av:

Vi hadde tre målsettingar då vi reiste til Kristiansund. Få god kamptrening i futsal, gå vidare til sluttspelet og å få ei kjekk sosial helg i lag. Vi klarte to av tre, vi gjekk nemlig ikkje vidare til sluttspel.
Ein av grunnane til dette var at vi kom i pulje med begge finalelaga, Molde1 og CFK1. CFK1 slo Molde1 6-0 i finalen, og var det suverent beste laget. Les meir »

J14 vann 9ar-serien.

28 oktober 2013
Skrevet av:

Glade jenter etter kamp

Glade jenter etter kamp


J14 sikra fredag sigeren i 9ar-serien, etter at dei slo Volda 5-4 inne i Volda.
Måla vart skåra av Mari 2, Fride 2 og Emma G. Det gjekk nesten ein omgang og ein halv omgang før laget kom i gang, men
så løsna det. På tampen av kampen slakka jentene av litt igjen og slapp Volda litt lett til ved eit par høve. Men det såg
likevel kontrollert ut. 17 spelarar var med og vi stilte dermed i praksis med nesten med to lag.
Dermed tok laget ein fortjent 1. plass, 3 poeng føre Herd og 9 poeng føre Spjelkavik.

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv