Ravn A-lag: Einvegskøyring og 4-0 over Hasundgot

26 september 2013
Skrevet av:

Ravn tok eit langt steg mot sikker plass i 5. divisjon med 4-0 over Hasundgot på Ravnbanen onsdag.
Sigeren var ikkje eit mål for liten. Ravn hadde full kontroll heile kampen, først i sluttminutta kom gjestane til noko som likna ein målsjanse.

Ravn åpna bra og spelte seg til mange cornerar. Det skorta litt på presisjonen i siste pasninga, heilt til Even midt i omgangen førte opp på høgresida, finta vekk ein mann og la ballen på foten til Trond som gjorde 1-0. Fint mål og flott forarbeid.
2-0 kom etter halvtimen, ein lang ball frå Øystein i bakrom til Trond, som sette kurs mot mål og gjorde sitt andre.

Andre omgang vart einvegskøyring. Ravns midtbanespelarar var aggressive i gjenvinningsfasen, og ditto kjappe til å sette i gang angrep. Det var god rørsle i heile laget med fin bruk av breidda. Backane Øystein og Thomas kom villig på løp, og sjølv om sistepasninga ikkje alltid var perfekt så var det kjekt å sjå vilje og angrepslyst. «Berre»
scoringane mangla, før det løsna siste fem minutta med to flotte mål:

Eit innlegg frå Kim forvalta Eivind i mål med ei susande stupheading, og så var Thomas frampå med eit godt legg som Knut Egil skalla inn.
Dermed vart det eit meir passande resultat utifrå speleovertaket, der Ravn leverte ein solid kamp, særleg var 2.omgangen av prima klasse.
Det var også trenar Torbjør Hove enig i:

– Vi vart enige i pausen om å stole meir på eigne ferdigheiter og få fart på ballen. Vi var gode på 3/4 av banen, det som det skortar på er roa og presisjonen i siste pasninga. Det er kort og godt ingen annen måte å få det til på enn å trene meir. Men totalt sett var dette ein godt gjennomført kamp, sa Tobben.

Godt gjennomført var også dømminga til Arild Vegsund, som hadde fin kontroll i ein fairspelt kamp. Eitt gult til Hasundgot.

Neste kamp – den nest siste – går borte mot Sykkylven søndag 6.10, før avslutning heime mot nedrykksklare Sunnylven.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv