Overtidsmål avgjorde for Ravn mot Åmdal

12 september 2013
Skrevet av:

Eit susande skot frå Eivind Grøtt Ulla 5 minutt på overtid gav Ravn 3-2 over Åmdal i onsdagens kamp på Ravnbanen.
Målet kom etter at Ravn greidde å etablere trykk på gjestemålet i sluttminutta. Etter corner enda klareringa hos Eivind som fekk til ei glimrande avslutning frå 16 meter.

Ravn åpna bra og gjekk i leiinga etter 10 minutt. Ei fin forsering av Trond Hamre, og innlegget fann Kim Krogsæter på bakerste som avslutta direkte.

Ravn hadde dei fleste sjansane, med stangskot og eit par avslutningar som ein god gjestekeeper avverga. Men i staden utlikna Åmdal etter halvtimen på ein suser frå langt hald.
Ravn svarte omgåande, etter duell i feltet kriga Even Vatneødegård inn 2-1.

I andre omgang dominerte Åmdal i åpningsminutta og utlikna på eit fint gjennomspel. Begge lag fekk overganger etter pasningsfeil på midtbanen, men for Ravn sin del enda det ofte med feilval i siste trekket. Kanskje fordi bevegelsane framfor ballførar og dermed alternativa mangla. Trond fekk Ravns største sjanse åleine med keeper, som redda glimrande.

Mot slutten kunne det gått begge vegar, Åmdal fekk ein megasjanse tvilsamt avblåst for offside.
Så kom altså det forløysande målet til Eivind, som like før hadde pådratt seg korrekt gult kort, for ei takling som var halvparten så stygg som ei han hadde like før. Det var fleire hendelsar som vanlegvis kvalifiserer til frispark
og gule kort som dommar Laussund let passere.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv