J14 vann Orklacup

16 september 2013
Skrevet av:

395J14 var i helga på tur til Trøndelag der dei deltok på Orkla Cup.
I denne cupen vart det spelt 9er-fotball, og det var også hovedgrunnen til at
vi reiste dit. Pluss det sosiale aspektet sjølsagt. 18 spelarar deltok.
Puljespelet var grei skuring der vi vann alle 3 kampane.
Ravn-Orkanger IF 6-1.
Ravn-Verdal2 7-0.
Ravn-Selbu 5-2.
I semifinalen møtte vi Verdal 1. Det vart ein ganske tett kamp, og det stod 0-0
til pause. Men vi hadde dei største sjansane, med både tverrligger og stolpetreff.
Mot slutten av kampen løsnar det og 2 fine mål gjer at vi går til finalen.
I finalen møtte vi Orkla FK. Eit lag som vi hadde sett litt på i innleiande kampar, og
som imponerte stort med både god grunnteknikk og solid fysikk. Vi hadde nok ein følelse
om at finalen kom til å bli svært vanskeleg. Men vi åpna svært bra, jentene jobba knallhardt,
og alle gjorde ein solid innsats. Vi nekta Orkla tid og rom, og dei kom ikkje i gong med spelet
som vi visste dei hadde kapasitet til. Kampen er jevn, men midt i omgangen får Sonja tak i ballen,
rundar midtstopparane til Orkla, og plasserer ballen fint til side for keeper. Litt seinare
jobbar Fride til seg ballen nesten utafor hjørnet av 12-meteren, og frå skrått hold hamrar ho
ballen opp i nettaket. Dermed 2-0 til pause. 5 minutt ut i 2. omgang stikk Sonja igjen fint igjennom
og legg på til 3-0. No ser Orkla kjørt ut. Men nermast ut frå intet kjem dei seg inn i kampen igjen.
Vi skal avklare eit langt utspel frå keeperen deira, men vinden får bra tak i ballen, forsvaret vårt
feilberegnar og stussar ballen i ein fin bue over eigen keeper. Berre eit par minutt seinare skårar dei
igjen etter frispark frå langt hold som snik seg inn under tverrliggaren. Dermed blir det dramatisk dei siste
12 minutta. Men vi jobbar verkeleg hardt for sigeren og 3-2 held inn. Vi spelte nok ein av våre beste kampar
i denne finalen. Det store minuset er at 2 viktige spelarar må stå over dagens toppkamp mot Blindheim.
Og det blir spanande å sjå om vi greier å mobilisere nok til å stå imot Blindheims gode lag. Det er
naturlegvis langt frå ideell opplading til ein toppkamp å stille med slitne bein. Men når det er sagt meinar vi
at det var verdt det. Det var verkeleg ein flott opplevelse å vinne den store pokalen!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv