J14 tapte toppkampen

17 september 2013
Skrevet av:

J14.07 1.div: Ravn-Blindheim 1-5 (0-3)
Mål: Fride.
Både Ravn og Blindheim var ubeseira i haust før denne kampen. Etter kampen var det
Blindheimsjentene som fortjent nok kunne juble for 3 poeng.
I starten av kampen er det jamnt. Vi speler oss til fleire sjansar, blant anna eit par der
vi er aleine med keeper og på ein normal dag skårer. I staden for er det Blindheim som får
kjempetreff, og ballen blir klistra i vinkelen frå midtbana. Fantastisk skåring.
Kampen er fortsatt jamn og vi kjem til ein del sjansar, men det blir mykje stang ut i denne kampen.
I tillegg rotar vi det til for oss med eit par unødvendige balltap i midtbane og forsvar,
og plutselig ligg vi under 0-3. Det står seg til pause. Jentene er tydelig skuffa og frustrerte.
I 2. omgang ser vi tydeleg at jentene er kraftig prega av dei tøffe kampane dei var igjennom i helga.
Det er tomt for krefter og mange slitne hoder, og vi blir ofte ståande igjen lavt i bana. Rett nok tenner Fride eit lite håp når
ho kriger inn 1-3, men Blindheim svarer nokså umiddelbart. Og når dei ikkje lenge etter aukar til 1-5
er det heilt slutt. Skal ein leite fram det mest positive med denne kampen, må det vere at vi sjøl i 2. omgang
når vi ser heilt på felgen ut, faktisk greier å skape ein del sjansar. Men når ein ikkje greier
å omsette sjansane i mål, blir det tungt når ein møter dei beste laga.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv