Damelaget : Langevåg – Ravn 4-4.

12 september 2013
Skrevet av:

4.div. Dame 9-er:
Langevåg – Ravn 4-4 (2-2).
Mål: Ingrid Åsemyr, Emilie Kalvatn, Andrea Noem og Pauline Neergård.

Det vart ein “rysare” av ein kamp mot tabelltopp Langevåg. Kampen var jamn frå start til slutt, og då Pauline sette inn 4-4-målet 2 min. på overtid, stod jubelen i taket. (I den grad det er tak på Langevåg Stadion.) Fantastisk frispark rett i kassa frå 22 m.
Ravn var nok litt skeptiske etter 1-10 i vårkampen, men den skepsisen la seg snart. Ravn gjekk opp i ei tidleg 2-0 leiing, og rysta Langevåg i starten. Emilie hadde også eit stangtreff i denne perioda, så Ravn starta godt. Langevåg våkna litt etter kvart og utligna til pause, etter noko slett forsvarsspel av Ravn.
2. omgang fortsatte som første med mykje tøffe duellar, og ikkje altfor mykje godt spel. Ravn hang heldigvis mykje betre med i duellspelet i denne omgangen.
Oppsummert: Fantastisk resultat, men spelemessig har vi fortsatt ein del å gå på. Veldig kjekt for jentene å få løn for stor innsats og glød.
Veldig mange som gjorde ein god kamp i dag. “Dagens Ravnjentepris” er derfor 4-delt. Den går til Emilie Kalvatn, Pauline Neergård, Andrea Noem og Ingeborg Førdestrøm. Emilie for stor innsats åleine på topp, gav aldri opp. Pauline for flotte raid på vingen, gode innlegg, glød, og eit fantastisk 4-4-mål. Andrea Noem for sterkt duellspel, glød, og ei flott scoring. Ingeborg Førdestrøm for utrettelig jobbing på vingen sin, og stødig keeperspel då Martine måtte gå ut med skade. Allsidig jente Ingeborg.

Vi hadde også to debutantar i denne kampen, Linda og Sandra. Begge vart slitne etterkvart, men kom godt frå debuten.
(Må innrømme at eg kjem nok til å drømme om 4-4 målet i natt – herlig.)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv