Månedlig arkiv: september 2013

Ravn A-lag: Einvegskøyring og 4-0 over Hasundgot

26 september 2013
Skrevet av:

Ravn tok eit langt steg mot sikker plass i 5. divisjon med 4-0 over Hasundgot på Ravnbanen onsdag.
Sigeren var ikkje eit mål for liten. Ravn hadde full kontroll heile kampen, først i sluttminutta kom gjestane til noko som likna ein målsjanse. Les meir »

Damelaget: Gursken-Ravn 7-1

26 september 2013
Skrevet av:

Dame 4.div. 9er: Gursken – Ravn 7-1. (2-0)
Mål : Ingeborg Førdestrøm.

Det vart ein litt merkeleg kamp på River Plate tysdagskvelden. Heilt jamspelt kamp ( i mine auger i alle fall) men det var Gursken som stod for scoringane. Dei hadde matchvinnarar i begge endar, og når vi ikkje scora på dei mange og store sjangsane våre går det sånn. Gursken hadde ein glimrande spiss som scora 6 mål, og ein svært stødig og god keeper, og det var nok til å vinne kampen soleklart. Les meir »

Bylag J99-00

19 september 2013
Skrevet av:

Vi gratulerer Fride Christine Lianes (99) som har fått plass i bylagstroppa,
og Tuva Bjørbekk (00) som er tatt ut som reserve.

J14 tapte toppkampen

17 september 2013
Skrevet av:

J14.07 1.div: Ravn-Blindheim 1-5 (0-3)
Mål: Fride.
Både Ravn og Blindheim var ubeseira i haust før denne kampen. Etter kampen var det
Blindheimsjentene som fortjent nok kunne juble for 3 poeng.
I starten av kampen er det jamnt. Vi speler oss til fleire sjansar, blant anna eit par der
vi er aleine med keeper og på ein normal dag skårer. Les meir »

J14 vann Orklacup

16 september 2013
Skrevet av:

395J14 var i helga på tur til Trøndelag der dei deltok på Orkla Cup.
I denne cupen vart det spelt 9er-fotball, og det var også hovedgrunnen til at
vi reiste dit. Les meir »

Overtidsmål avgjorde for Ravn mot Åmdal

12 september 2013
Skrevet av:

Eit susande skot frå Eivind Grøtt Ulla 5 minutt på overtid gav Ravn 3-2 over Åmdal i onsdagens kamp på Ravnbanen.
Målet kom etter at Ravn greidde å etablere trykk på gjestemålet i sluttminutta. Etter corner enda klareringa hos Eivind som fekk til ei glimrande avslutning frå 16 meter. Les meir »

Damelaget : Langevåg – Ravn 4-4.

12 september 2013
Skrevet av:

4.div. Dame 9-er:
Langevåg – Ravn 4-4 (2-2).
Mål: Ingrid Åsemyr, Emilie Kalvatn, Andrea Noem og Pauline Neergård.

Det vart ein “rysare” av ein kamp mot tabelltopp Langevåg. Kampen var jamn frå start til slutt, og då Pauline sette inn 4-4-målet 2 min. på overtid, stod jubelen i taket. (I den grad det er tak på Langevåg Stadion.) Fantastisk frispark rett i kassa frå 22 m. Les meir »

J14 med to sigrar mot Volda

11 september 2013
Skrevet av:

Søndag, J14.09: Ravn-Volda 9-2 (3-1).
Mål: Fride 4, Emma Sofie 2, Elisabeth 1, Sonja 1, Anne 1.
Full kontroll i denne kampen.

Tirsdag, J14.07 1.div: Volda-Ravn 3-8 (1-5).
Mål: Fride 4, Sonja, Tuva, Anne, Mari.
Atskillig hardare motstand frå Voldingane i denne kampen. Vi opparbeida
oss tidleg ei bra leiing. Frå midten av 1. omgang og kampen ut måtte vi
slite hard for å halde Voldingane unna. God kamp av jentene, med mykje bra spel.

J14 og G19 vann

04 september 2013
Skrevet av:

J14.07 1.div: Ravn-Valder 8-0 (6-0).
Mål: Fride 4, Elisabeth 2, Sonja 1, Anja 1.
Solid kamp av J14. Spesielt imponerte dei i 1. omgang med mykje bra spel.

G19.07 3.div: Ravn/Brattvåg-Skodje 9-8.
Spanande og jamn kamp der Ravn/Brattvåg sitt for dagen svært unge lag,
noko overraskande slo Skodje. Mange frafall til denne kampen pga klassetur,
men dei unge spelarane som vart henta inn gjorde ein særdeles flott innsats.

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv