Damelaget vann borte mot Hareid.

27 august 2013
Skrevet av:

25082013022
Dame 4.div. 9er: Hareid – Ravn 0-6. (0-1)
Mål : Emilie Kalvatn 3, Ingrid Vatne 2, Amanda Tenfjord.

Det vart ein god start på haustsesongen for damelaget. Etter ein noko nølande og famlande 1.omg. var jentene meir presis og bestemt i det dei foretok seg i 2.omg, og til slutt vart det ein komfortabel seier.
Kampen gjekk på ei fantastisk flott grasbane. Den var så fin at ein gamal trenar nesten fekk tårer i augene, når tankane flaug tilbake til ei svunnen tid.
Jentene var litt skeptise til bana, for dette var uvant. Lagledelsen beroliga dei med at dette måtte dei berre nyte, for det kunne hende at det var siste gongen dei fekk oppleve noko sånt. Nesten retro.
1. omg. vart ein omgang prega av sommarferie. Eller som Håvard sa : “Den kjem nok ikkje til å gå inn i historiebøkene”. Upresise pasningar, og fråvær av samhandling. Etter pausen var det Ravn som ville mest, og vi heva oss, i tilleg til at vi stod distansen mykje betre enn Hareid. Seieren var i alle fall ikkje for stor, sjølv om også Hareid hadde eit par store sjansar.

Jamt over god innsats av alle. Difor litt vanskelig å dele ut “Dagens Ravnjentepris”. Den vert i dag tredelt mellom, Martine Otterlei, Ingrid Vatne og Sara Solberg. Alle desse tre spelte ein meget solid kamp. Martine som keeper, Ingrid som klinisk målscorar og tilretteleggar, og Sara som stor sjef i forsvaret.
Neste kamp er fredag, borte mot Herd. Dette er alltid jamne og spennande kampar, så vi gler oss til den.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv