Damelaget: Herd -Ravn 2-2.

31 august 2013
Skrevet av:

Dame 4.div. 9er: Herd – Ravn 2-2. (1-1)
Mål : Ingrid Vatne , Ingeborg Førdestrøm. (“småjentene våre” – 15 år)

Det vart som venta ein jamn og tett kamp mot Herd på Moa fredagskvelden. Greitt med uavgjort, men Ravn hadde dei fleste og største sjansane, og burde utfrå dette vunne kampen.
Det starta med eit lite Herdovertak, utan at dei klarte å spele seg til dei store sjansane. Ravn starta veldig upresist og stressa, men heva seg sakte men sikkert, og det var fullt fortent då Ingrid sprang nydelig igjennom og gav oss leiing 1-0. Herd utligna på ein kjapp overgang der vi ikkje hang heilt med.
2. omgang starta med eit par store sjansar til Ravn, men det ville seg ikkje. Ikkje før Ingeborg feia inn 2-1 på eit flott langskudd. Mange som kan misunne den jenta venstrefoten sin. Vi følte vi hadde kontroll på slutten, trass mange farlige cornerar frå Herd. Dei fekk “krangla” inn 2-2 rett før slutt. Litt unødvendig, men sånne er det av og til når ein ikkje klarer å sette sine eigne sjansar, vert sliten, og misser litt ballpress.

Oppsummert: Heilt grei kamp av jentene, men i dag brukte vi for lang tid på å kome i gang, og så må vi sette sjansane våre.

“Dagens Ravnjentepris” går i dag til Amanda Tenfjord.
Når Amanda er i dette humøret er ho heilt “umulig”. Ho er overalt, høgt og lavt. Spelte seg stort opp utover i kampen, og sette meir “meriterte Herdstjerner” heilt i skuggen. Stor ro, stor innsats, og konstruktiv i spelestilen sin, med gode offensive valg.

Ikkje kamp for jentene neste veke. (Hødd-kampen flytta.) Neste kamp vert borte mot tabelltopp Langevåg 11. sept. Då får vi sjå kor mykje vi har heva oss frå vårkampen. (1-11)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv