A-laget tapte mot serieleiar Langevåg

30 august 2013
Skrevet av:

Ravn tapte 2-4 heime mot suverene Langevåg torsdag, men kunne med meir resolutt forsvarsspel og betre sjanseutnytting tatt poeng.
Når det er sagt så var LIL-sigeren fortent nok. Dei var best i 1.omgang, og tok leiinga etter corner som Ravn ikkje fekk klarert.
Mads Even Hatlehol kvitterte omgåande etter ein fin overgang. Pasninga frå Trond Hamre tok han godt vare på og dundra i nettaket frå spiss vinkel. Ei glimrande scoring.

Like før pause vart det 1-2, ein flott soloprestasjon, men Ravn kan ikkje vere nøgd med forsvarsspelet her heller.

I 2. omgang var Ravn fullt på høgde, og begge lag hadde store sjanser. Etter eit par gode angrep, med ei glimrande pasning frå Thomas Bjørlykhaug som Trond Hamre var centimeter frå å nå med hovudet, vart det straffe då same Trond vart felt.
Eivind Ulla var sikker frå 11-meteren.
Begge lag gjekk for tre poeng, og Langevåg scora igjen etter ein fin soloprestasjon. 2-4 kom på overtid som resultat av at Ravn kasta alle mann i angrep.

Kampen var ikkje av same klasse som den forrykande vårkampen i Langevåg, til det var spelet for upresist og oppjaga frå begge lag.
Ravngutane gjorde ein grei innsats, men hadde ikkje same intensiteten og strukturen defensivt som vi såg i vår, noko Ravn-trenar Tobben Hove var enig i:

• Vi får ikkje til spelet vårt, noko som ein god motstander har «skulda» for, og då blir vi frustrerte, slår langt og upresist i staden for å vere tålmodig og spele på det sikre.
Vi får kome sterkare tilbake mot Vigra komande onsdag, vi treng poeng no for å halde plasseringa på den tette tabellen, seier Tobben.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv