Daglig arkiv: 28 august 2013

J10 på miniturnering

28 august 2013
Skrevet av:

J2003
J10 var søndag på miniturnering hos våre naboer på Ellingsøya.
Resultatmessig gjekk det ikkje all verden (som vanleg). Men spelemessig
var det stor framgang å spore, og vi målet må vere å sakte men sikkert
nærme seg konkurrentane sine. Spelegleda er til stades, og med god trening,
tålmod og ståpå-vilje skal laget utvikle seg vidare dei neste åra. Vi gler oss!

J14 slo Ørsta

28 august 2013
Skrevet av:

Norwaycupbilde
J14.07 1.div: Ørsta-Ravn 1-3 (1-2).
Mål: Sonja, Mari, Fride.
Dette vart ein typisk slitekamp. Ørsta møtte oss med tøft fysisk spel, og det vart
ein tett kamp. Jentene stod fram med god innsats og etter forholda fekk
dei og til mykje bra. Ørsta tok leiinga, men til pause hadde vi snudd det. I 2. omgang
levde vi farleg ei stund, på 2-1 til oss brende Ørsta ei straffe. Etter kvart fekk vi
uttelling på våre mange sjansar, og trygga sigeren med 3-1. Neste kamp på mandag heime mot Valder.

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv