Månedlig arkiv: august 2013

Damelaget: Herd -Ravn 2-2.

31 august 2013
Skrevet av:

Dame 4.div. 9er: Herd – Ravn 2-2. (1-1)
Mål : Ingrid Vatne , Ingeborg Førdestrøm. (“småjentene våre” – 15 år)

Det vart som venta ein jamn og tett kamp mot Herd på Moa fredagskvelden. Greitt med uavgjort, men Ravn hadde dei fleste og største sjansane, og burde utfrå dette vunne kampen.
Det starta med eit lite Herdovertak, utan at dei klarte å spele seg til dei store sjansane. Les meir »

A-laget tapte mot serieleiar Langevåg

30 august 2013
Skrevet av:

Ravn tapte 2-4 heime mot suverene Langevåg torsdag, men kunne med meir resolutt forsvarsspel og betre sjanseutnytting tatt poeng.
Når det er sagt så var LIL-sigeren fortent nok. Dei var best i 1.omgang, og tok leiinga etter corner som Ravn ikkje fekk klarert.
Mads Even Hatlehol kvitterte omgåande etter ein fin overgang. Pasninga frå Trond Hamre tok han godt vare på og dundra i nettaket frå spiss vinkel. Ei glimrande scoring. Les meir »

J10 på miniturnering

28 august 2013
Skrevet av:

J2003
J10 var søndag på miniturnering hos våre naboer på Ellingsøya.
Resultatmessig gjekk det ikkje all verden (som vanleg). Men spelemessig
var det stor framgang å spore, og vi målet må vere å sakte men sikkert
nærme seg konkurrentane sine. Spelegleda er til stades, og med god trening,
tålmod og ståpå-vilje skal laget utvikle seg vidare dei neste åra. Vi gler oss!

J14 slo Ørsta

28 august 2013
Skrevet av:

Norwaycupbilde
J14.07 1.div: Ørsta-Ravn 1-3 (1-2).
Mål: Sonja, Mari, Fride.
Dette vart ein typisk slitekamp. Ørsta møtte oss med tøft fysisk spel, og det vart
ein tett kamp. Jentene stod fram med god innsats og etter forholda fekk
dei og til mykje bra. Ørsta tok leiinga, men til pause hadde vi snudd det. I 2. omgang
levde vi farleg ei stund, på 2-1 til oss brende Ørsta ei straffe. Etter kvart fekk vi
uttelling på våre mange sjansar, og trygga sigeren med 3-1. Neste kamp på mandag heime mot Valder.

Damelaget vann borte mot Hareid.

27 august 2013
Skrevet av:

25082013022
Dame 4.div. 9er: Hareid – Ravn 0-6. (0-1)
Mål : Emilie Kalvatn 3, Ingrid Vatne 2, Amanda Tenfjord.

Det vart ein god start på haustsesongen for damelaget. Etter ein noko nølande og famlande 1.omg. var jentene meir presis og bestemt i det dei foretok seg i 2.omg, og til slutt vart det ein komfortabel seier.
Kampen gjekk på ei fantastisk flott grasbane. Den var så fin at ein gamal trenar nesten fekk tårer i augene, når tankane flaug tilbake til ei svunnen tid.
Jentene var litt skeptise til bana, for dette var uvant. Lagledelsen beroliga dei med at dette måtte dei berre nyte, for det kunne hende at det var siste gongen dei fekk oppleve noko sånt. Nesten retro. Les meir »

G14 vann

27 august 2013
Skrevet av:

G14.11 1.div: Ravn-Hareid 4-1 (2-1).

J14 slo Spjelkavik

24 august 2013
Skrevet av:

J14 9er: Spjelkavik-Ravn 2-4 (1-2).
Mål: Fride 2, Mari 2.
Godt å ta helg med en seier, etter torsdagens tap mot Herd, sjøl om vi ikkje imponerte spelemessig.
I første omgang gjer vi mykje enkle feil, både i mottak og pasning.
Vi går til pause med leiing 2-1 takka vere enkeltprestasjoner frå Fride.
Litt skjerping og omrokkering på laget gjer susen, og spelemessig blir 2. omgang mykje bedre.
Fortsatt ein del rusk, men litt meir ro og litt bedre pasningsspel. Og fleire smartare valg.
Dette gjorde at vi spelte oss fram til mange sjansar, og to fine mål av Mari trygga sigeren.
Rett før slutt fekk Spjelkavik pynta på resultatet.
Så karakteren i dag blir: Godkjent, men vi kan betre.

Tap for alaget

23 august 2013
Skrevet av:

5. div: Vartdal-Ravn 3-0.
Ravn på 3. plass og Vartdal på 4. plass før kampen.
Med dette resultatet bytta dei plass. 3 poeng opp til
opprykksplass (i praksis 4 pga målforskjell). Ikkje umuleg,
men då må både Vartdal og Sykkylven passerast, og det er nok ein tøff jobb.

Tap for J14

23 august 2013
Skrevet av:

J14 9er: Herd-Ravn 3-1 (1-0)
Mål: Lisa
Som vanleg jamnt og tett mellom desse to laga. Ravn var best det første
kvarteret, og burde ha putta eit mål eller to i denne perioda. Men det er
Herd som tek leiinga på ei lompe etter godt og vel halvspelt 1. omgang. I 2. omgang er
Herd best og aukar til 2-0 og 3-0 før vi reduserer på slutten etter bra spel.
Alt i alt ein fortjent siger til Herd, dei var hakket kvassare enn oss i denne
kampen. Men marginane var små, og litt synd at vi ikkje tok betre vare på sjansane
våre i starten av kampen. Dermed har ligg Ravn og Herd i toppen med like mange poeng,
Ravn med 2 mål bedre målforskjell. Ny kamp i dag, 9er borte mot Spjelkavik.

Kamp onsdag

22 august 2013
Skrevet av:

G14.07 1. div: Skodje-Ravn/Norborg 5-8 (0-3).
Mål: Nikolai 3, Håvard 1, Johan 1, Sindre 1, Gustav 1, Vidar 1.

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv