Månedlig arkiv: juli 2013

Tine Fotballskule 2013

10 juli 2013
Skrevet av:

Tradisjonsrike Tine Fotballskule blir igjen arrangert på Ravn Stadion med våre erfarne instruktørar 16.-18. august 2013.

Påmelding til e-post: fotball@il-ravn.no
Pris pr. deltakar kr. 450,- (betalast ved oppmøte).
Frist for påmelding: 10. august.
Oppgi namn, fødselsdato, namn på føresette og mob.nr.
Ver tidleg ute da det erfaringsmessig fort blir fullt.
• Det blir delt ut Tine-effektar fredag.
• Eigen keeperskule.
• Turnering.
• Kafe, kiosk, grilling, Ravnlotteri og sal av fotballutstyr +++.

J14 vann Stordalscup

01 juli 2013
Skrevet av:


Ravn J14 vart suverene vinnarar av Stordalscup i klassa J14.
I dei innleiande kampane slo ein Ørskog 3-1, Stordal 5-0 og Sunnylven Gul 4-0.
Etter dette var det 3 timar å vente før finalen skulle spelast. I staden for å trakke
rundt på tivoli og diverse anna, og bruke masse energi på det gjorde vi heller noko sosialt.
Vi reiste inn i Valldalen og kosa oss med pizza og is på Kulå. Då fekk vi lada opp igjen batteria
og gjort oss finaleklare. Finalen skulle spelast mot Sunnylven Raud. Det gjekk greit, og Ravnjentene
vann til slutt 4-1.
Laget bestod av: Hanne Hofseth, Sonja Ulvestad, Elisabeth Krogsæter, Anne Staurset, Lisa Buseth,
Kristiane Hagset, Emma Søvik, Madeleine Hagset, Sigana Kunaratnam, Fride Lianes og Emma Grytten.
Måla vart skåra av: Fride Lianes 10, Elisabeth Krogsæter 3, Sonja Ulvestad 2 og Emma Søvik 1.

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv