Svært god kamp av damelaget mot Volda.

09 juni 2013
Skrevet av:

4 div. Dame : Volda2 – Ravn 2-1 (2-1).
Målscorar: Pauline Neergård.

Det er sjeldan ein reiser heim frå eit bortetap med ein skikkeleg god følelse, men det gjorde vi onsdag. Etter eit par tunge kampar trengte vi ein opptur, og den kom.
Jentene gjennomførte ein svært god taktisk kamp, og kunne med litt hell fått med seg poeng heim, mot eit godt Voldalag.
Kampen starta med Voldadominans, og dei tok leiinga etter ca. 5 min. etter ein dødball. Vi sleit litt både i forsvar og angrep med duellsterke og raske Voldaspelarar, i tillegg til at vi var for passive i presset. For mykje rygging. Dette er noko vi har slite med i dei siste kampane.
Så er det dette med at mykje i fotball vert avgjort “frå halsen og opp”. Pauline scora 1-1 målet nesten utav ingenting, og plutseleg fekk vi trua på at dette kunne vi faktisk klare. Utover i omgangen var vi fullt på høgde med Volda, og det var nesten ufortjent då Volda tok leiinga 2-1, i ei god periode av oss.
2.omgang starta som 1. slutta, med svært mykje godt spel av Ravn, men det ville seg ikkje foran mål. Volda hadde også mange sjangsar, men Martine, i lag med forsvaret, rydda opp i stor stil.
Konklusjon: Mykje positivt å bygge vidare på. Dei taktiske valga våre sit betre og betre. Klarer vi å ta med oss det inn i dei neste kampane, i tillegg til å ha trua, kan dette gi mange gode opplevingar for jentene.
Kanskje litt farleg å trekke fram nokon spesiell på ein dag der alle gjorde “manns jobb”, men “Dagens Ravnjentepris” går i dag til Ellingsøyjenta vår, Sara Solberg.
Begrunnelse: Fantastisk godt forsvarsarbeid, sjangseskapande svært lange innkast, og ei herlig innstilling. Supert Sara.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv