J14 vann stort

13 juni 2013
Skrevet av:

J14 1.div: Ravn1-Ørsta 10-0 (6-0).
Mål: Fride 6, Sonja 2, Benedicte 1, Tuva 1.
Ravnjentene var i storslag i går. Spelet gjekk på skinner, og det vart ein komfortabel siger.
Fokuset før kamp var pasningskvalitet og innsats. Og det lukkast vi godt med. Sjeldan har vi
sett jentene så gode. Vi fekk tid og rom, og med nokre tidlege mål var det aldri tvil om kor
sigeren skulle ende. Vi var og flinkare enn nokon gong til å halde ballen i laget. Med Fride Lianes
i god gammal målform vart det til slutt mykje mål. Ein kamp gjenstår for Ravn1 i vår, det er
borte mot gode og velspelande Blindheim. Det blir ei flott utfordring for jentene våre.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv