J14 med 3 kampar på 3 dagar.

09 juni 2013
Skrevet av:

J14 1. div: Herd-Ravn 1-1 (0-0).
J14 2. div: Hessa-Ravn 5-6 (3-2).
J14 9er: Ravn-Herd 3-2 (2-1).

J14 1. div: Herd-Ravn 1-1 (0-0).
Onsdag 05.06.
Mål: Fride.
Ny tett og tøff kamp for 1. divisjonslaget. Etter 2 knepne tap smakte det godt med poeng igjen. I dag kunne det gått skikkelig dårlig. Vi starta horribelt og vart rundspelt av Herd dei første 25 minutta. Heldigvis tok Anne det som kom. Trenerane kunne konstantere at vi ikkje har sett so mykje bomming på ball sidan dokke var 7 år. Det var smertefullt å sjå på. Herd var både ballsikre og fysisk tøffe. Vi såg mest ut som vi befann oss på badestranda. Vi greier likevel å løfte oss, og dei siste 10 minutta er vi meir med. Vi startar då å jobbe hardare, vinn fleire duellar, og kjem oss til eit par avslutninger. Det står 0-0 til pause, og då kan vi trygt sei at vi slapp billeg unna. Vi blir enige om å bygge videre på der vi gjorde på slutten av omgangen. I 2. omgang er vi langt bedre med. Ein god del sjansar til begge lag, og mykje tøffe duellar. 20 minutt ut i omgangen skårar dessverre Herd på ein corner. Skal vi gå på nok eit knepent tap? Jentene vil ikkje det, vi jobber no hardt og er fleire gongar farleg frampå. Blant anna skyt Sonja i tverrliggaren. 5 minutt før slutt tek Fride ansvar, driv fint framover og skyt ballen i mål. Deiliiiiiiiig! På slutten har både vi og Herd sjansar til å avgjere. To gonger blir vi felt på veg gjennom, og Herd pådreg seg også 2 gule kort. Sjeldan vare i våre kampar, men fullt fortjente kort til eit lag som tidvis spelte over streken. Men i 2. omgang stod vi opp og ga juling tilbake. Så 2. omgangen skal vi vere stolte av. Nivået i 1. divisjon er tett og tøft. Men vi heng absolutt med. Å fyttikatta for en spanande kamp i dag. Hardt å stå på linja.

J14 2. div: Hessa-Ravn 5-6 (3-2).
Torsdag 06.06.
Mål: Tuva 3, Sonja 2, Fride 1.
Med denne sigeren har vi allereie vunne avdelinga vår i 2. divisjon 2 kampar før slutt. Neste lag er 7 poeng bak, og det greier dei aldri å ta igjen på to kampar! Kampen i dag starta vi ganske greit. Sonja gjorde 1-0 i det 7. minutt etter eit fin raid. Men Hessingane utliknar til 1-1 på corner eit minutt seinare. Litt seinare er dei i leiinga 2-1 etter ein ny kårner. Forøvrig trur eg vi sette ny norgesrekord i cornere i mot denne kampen. Hessa er i støtet, vi er det ikkje, og på eit bra skudd aukar dei til 3-1. Heldigvis får vi redusert til 3-2 ved Tuva før pause, og det ser ikkje så heilsvart ut. 2. omgang er berre 3 minutt gammal når Sonja utliknar til 3-3, og no trur vi nok det skal gå vegen. Det står no å bikkar ei stund før vi igjen slepp Hessa litt for enkelt til og dei aukar til 4-3. Og ikkje så lenge etter til 5-3. Då heng vi med haudet og ser ikkje ut til å ha trua. Men likevel har vi heile tida ein del sjansar. 20 minutt ut i 2. omgang gir Tuva oss nytt håp når ho reduserer til 5-4. Vi får igjen trua og 2 minuttar seinare smell Fride inn 5-5. Når halvtimen er spelt, stikk Tuva fint igjennom og kald og rolig set ho ballen til side for keeper og 6-5 til oss! Dei siste minutta held vi Hessa unna og bikkar endeleg ein jamn kamp i vår favør igjen. Bra gjort å vinne kampen når vi ligg under både 3-1 og 5-3. Dokke gjorde det dokke skulle, nemlig vinne kampen (og avdelinga). Bra jobba!

J14 9er: Ravn-Herd 3-2 (2-1).
Fredag 07.06.
Mål: Fride 2, Mari 1.
Nokre spelarar ute med skade, nokre spelte sin 3. kamp på 3 dagar og Tuva sin 4. på 4 dagar. Pluss idrettsdag for Vatningane tidlegare i dag. På bakgrunn av dette var det en knallsterk seier jentene leverte i dag. Dermed er vi i føringa i 9er-serien etter 3 seiere på rad. Kampen åpna jamnt, men det såg ut som vi var best. Det stemte, for etter 16 minutt gjorde Fride 1-0, og 3 minutt seinare er Fride igjen på rett plass og set inn 2-0 frå kloss hold etter ei corner. Det ser komfortabelt ut. Men Herd får flytta laget sitt høgare opp, og rett før halvtimen er spelt reduserer dei til 2-1. I starten av 2. omgang blir vi spelt lave og Herd utliknar fortjent til 2-2 i det 6. minutt. Herd er no best. Etter kvart kjem vi til hektene igjen, og kjem oss høgare opp og får trøkka til litt igjen. Det ser ut som dei tyngste dieselmotorane våre har fått opp dampen. Etter 25 minutt kjem Mari på eit fint raid og vi leiar 3-2. Hærleg! Dette held heilt inn. Deilig å vinne slike tette kampar. Og 7 poeng på 3 dagar mot god motstand er meir enn godkjent. Takk til alle for innsatsen desse dagane!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv