God avslutning på vårsesongen for J14

20 juni 2013
Skrevet av:

J14 1. div: Blindheim-Ravn1 4-5 (0-4).
Mål: Fride 3, Emma G 1, Tuva 1.
Med dette resultatet kneip Ravn 2. plassen i 1. divisjon vår, på bedre målforskjell enn Blindheim.
Det vart etterkvart ein meget spanande kamp på Blindheim. I 1. omgang leverte Ravnjentene årsbeste,
la ned ein formidabel innsats mot eit Blindheimlag som nok vart litt overraska over kva som møtte dei.
Ravn kunne dermed gå til pause med ei svært fortjent 4-0 leiing. I starten av 2. omgang auka Ravn til
5-0, og da såg kampen avgjort ut. Det var den ikkje. Blindheim begynte å få til meir av spelet sitt og
når dei då fekk skåra eit par mål, fekk dei trua på dette. Samtidig vart nok vi engsteleg for å rote vekk
sigeren. Dei reduserte til 4-5 nokre få minutt før slutt, og hadde i ein hektisk sluttspurt og sjansen til
å greie uavgjort. På ei anna side hadde vi og bra med sjansar til å punktere kampen for godt. Så sigeren
hang i ein tynn tråd, men var likevel fortjent. I denne kampen brukte vi heile 15 spelarar.

Dermed tok J14 2. plassen i 1. divisjon, 1. plassen i si 2. divisjonsavdeling og laget leiar 9ar-serien etter
at den er halvspelt. Dette er nok i overkant av det vi forventa før sesongen. Men denne gjengen kan nok
greie det meste!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv