Endeleg seier igjen for damelaget.

13 juni 2013
Skrevet av:

4. div. Dame 7er:
Ravn – Gursken 2-0 (1-0).
Målscorarar: Ingrid Vatne og Pauline Neergård.
Troppa:
Martine Otterlei, Oda Christensen, Pauline Neergård, Sara Solberg, Ingrid Åsemyr, Amanda Tenfjord, Marie Henriksen, Andrea Noem, Emilie Kalvatn og Ingrid Vatne.

Etter tre tap smakte det svært godt med ein seier. Vi såg gryande “godspel” i bortekampen mot Volda, og jentene fortsatte der dei slapp. Gode taktiske valg offensivt, og kontant og konstruktivt forsvarsspel. Innkasta til Sara skapte oss også i denne kampen store sjansar. Veldig kjekt også å halde nullen.
Vi har den siste tida jobba ein del med taktiske valg og spelesystem, og det var gildt å sjå at dette har gitt resultat. Jentene opptrer tryggare og tryggare ute på bana.
Kampen starta jamt, med småsjansar til begge lag. Gursken satsa på raske kontringar, og var til tider farlige dei gongane dei tok oss i ubalanse, etter offensive balltap. Ravn spelte seg meir og meir inn i kampen, og det var ikkje ufortjent då Ingrid V. gav oss leiinga 1-0 etter eit flott raid etter 25 min. Hardt og godt plassert skudd, via keeper.
Utover i 2. omgang fekk Ravn stadig meir kontroll på kampen, men utruleg nok måtte vi vente til det 80. min før Pauline sette inn 2-0 etter eit flott langskot. Pauline har faktisk scora i alle seriekampane i vår. Imponerande, når ein tenker på den relativt defensive rolla ho har i laget. Før dette hadde både Amanda, Pauline, Andrea og Marie store sjansar til å auke leiinga. Heile 2.omgang noterte vi berre ein stor sjanse til Gursken. Den var rett nok veldig stor.
Oppsummering:
Svært godt gjennomført kamp av alle jentene. Når alle har den innstillinga dei hadde i dag er det ei fryd å stå på sidelinja.
“Dagens Ravnjentepris” går i dag til Amanda Tenfjord.
Begrunning:
Lykkast med nesten alt i “spielfurerrolla” si. Svært gode offensive valg, og var ein utømeleg “motor” i laget. Flink til å spele andre god. Amanda var misfornøgd med innsatsen sin mot Volda (NB!!Utan grunn.), og det såg vi tidleg i dag at Gursken skulle få svi for. SUPERT AMANDA.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv