A-laget avslutta fin vårsesong med 3-1 over Sunnylven/Stranda 2

20 juni 2013
Skrevet av:

Sunnylven/Stranda 2 – Ravn 1-3 (1-1)

0-1 Trond Hamre (4)
1-1 H. Frøysa (str) (17)
1-2 Even Vatneødegård (52)
1-3 Kim Krogsæter (62)

Gule kort: Øyvind K. Krogsæter, eitt til Sunnylven
Dommar: Alf Furland, Rollon

Ravn: Sven Berland, Thomas Bjørlykhaug, Erik V Stokke, Øyvind K Krogsæter, Øystein L. Tennfjord, Eivind G Ulla, Even Vatneødegård, Geir Ellingsen, Trond Hamre, Kim Krogsæter, Knut Lid.
Innhopp: John Ivar Eide, Bent Erik Nedrevold, Jørn Heggelund, Anders Berg.

Ein god 2.omgang frå Ravn resulterte i årets første bortesiger då Sunnylven/Stranda 2 vart slått 3-1 på Hellesylt onsdag.
• Ein litt laber 1.omgang frå vår side, med nokre upresise støttepasningar som gjorde at SIL fekk sleppe lett til, men etter ein peptalk i pausen fekk vi stramma opp laget og det resulterte i ein godt gjennomført 2.omgang og to fine mål, er trenar Torbjørn «Tobben» Hove sin kommentar etter kampen.

Måla kom slik: Eit langt utspel vart flikka vidare av Kim til Knut, som på ein-touch spelar Trond igjennom åleine med keeper. Sikker avslutning og 0-1 etter fire minutt.
Trond hadde også eit par feite sjanser til før pause.
Heimelaget utlikna på straffespark etter ei litt unødvendig felling.

Eit skjerpa Ravnlag tok tak i kampen og hadde god kontroll i 2.omgang. 1-2 kom på eit flott angrep; Trond spelte igjennom Even som kom på eit godt løp, og avslutninga frå «Øggar» sat kontant i lengste hjørnet.
1-3 kom etter ein corner frå Øystein, på bakerste stolpe hang Kim og heada kontant i mål.

Dagens prestasjon kom like etter 1-3: Knut smelte til på heile volley med venstra frå 30 meter, kula hadde retning vinkelen, men keeper redda glimrande.

• Totalt sett ein bra gjennomført kamp. Vi har god kontroll defensivt, og framover er Knut og Trond i form og skaper problem for heimelaget heile kampen. Vårsesongen under eitt så må vi vere fornøgde. Dei fire første kampane var til dels veldig gode, etter den tid har det røynt på med skadar, jobb/eksamensfråver og suspensjonar, som toppa seg mot Sykkylven då 5 mann var uaktuelle. Heldigvis har vi ein brukbart stor tropp, og samtlege i stallen har gjort ein innsats minst som forventa. Det har vore gode takter og mykje bra innsats og spel på trening i heile vår, seier ein godt nøgd Tobben.

A-laget tar sommarferie med 16 poeng etter 9 kamper og ein flott 3.plass, etter utgangsfavorittane Langevåg og Sykkylven. Sommarferien er rekordlang, først 18.august er det kamp mot Åheim borte.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv