9ar-laget til J14 vann i Volda

04 juni 2013
Skrevet av:

J14 ekstra (9ar): Volda-Ravn 2-5 (0-3).
Fredagskvelden var J14 på tur til Volda for å spele kamp i 9ar-serien.
Det gjekk fint, og dei gjennomførte ein god kamp.
Måla vart skåra av Sonja 3 og Elisabeth 2. Sonja hadde til alt overmål bursdag denne dagen, og dette var
ein flott måte å feire på. Kampen starta med at Ravn la press på Voldingane og skapte ein del sjansar. I løpet
av 4 minutt midt i 1. omgang løsna det skikkelig, og vi putta 3 mål. Etter dette hadde vi god kontroll. Voldingane løfta seg
litt mot slutten av omgangen, men det var fortsatt vi som var farlegast.
Tidleg i 2. omgang reduserer Volda til 3-1 etter ein corner. Utover i omgangen gjer vi 4-1 og skapar mykje sjansar. Men det er Volda
som skårer neste mål etter at vi avklarer dårleg og det står 4-2. Men Volda har ikkje so mykje meir å by på. Mot slutten trygger vi
sigeren då Sonja på eit av sine mange gjennomløp fastset sluttresultatet til 5-2 i vår favør.
Ein god kamp av jentene, der dei opptrer disiplinerte, jobbar hardt, spelar ballen fint og vinn ein fullt fortjent siger. Dermed deler ein
faktisk tabelltoppen med Herd og Spjelkavik, men snik seg framføre med betre målforskjell.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv