Ulla-kanon gav 2-1 for A-laget mot Vigra

16 mai 2013
Skrevet av:

5.divisjon:
Ravn-Vigra 2-1 (0-0)
1-0 Kim Krogsæter (57)
1-1 Ytterland (60)
2-1 Eivind G Ulla (88)
Dommar: Lars Sletta, Langevåg IL. God.
Gule kort: Even Vatneødegård, Erik V Stokke, eitt til Vigra.

Det gjekk mot poengdeling då Ravn var verter for Vigra onsdag. Men i det 88. minutt krumma veteranen Eivind Grøtt Ulla ryggen, rista av seg eit par gultrøyer gjennom ei 30-meters forsering, og avslutta med å banke kula i vinkelen til 2-1 frå 23 meter.
Ein strålande prestasjon, og høgdepunktet i ein kamp der begge lag periodevis sleit med å få opp tempo og rette spruten framover.

Første omgang var sjansefattig og ført i heller bedageleg tempo med småpen fotball av begge lag, men der det som oftast stoppa opp på siste tredejedeln av banen.
Det tok vel halvtimen før Ravn var farleg frampå, då hadde Kim eit par headinger som traff nettveggen.

Det vart meir futt etter pause, og ein arbeidssam Kim fekk lønn for strevet. Etter ein stor sjanse og litt fram og tilbake tok han ballen fint ned og dundra den i hjørnet. Ein god prestasjon, den var slett ikkje ferdigscora.

Men Vigra utlikna omgåande, etter ei misforståing i Ravnforsvaret datt dødballen ned i feltet og ein vigring takka, bukka og heada i mål.

Ravn la om i sluttminutta, køyrde forsvarsklippen Øyvind Farstad på midtbanen og Eivind på topp, og fekk lønn for strevet med Eivinds soloprestasjon.

Trenar Torbjørn Hove var godt fornøgd etter kampen.
– Det vart ein heilt anna kamp enn mot Langevåg, med meir avventande spel frå begge lag. Vi var litt for redde for å trykke på og køyre opp folk. Men karane stod på og fekk lønn for strevet.

Neste kamp er borte mot Vassendgutane og Åmdal onsdag.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv