Tap for J14

23 mai 2013
Skrevet av:

J14 1.div: Ravn1-Spjelkavik 1-2 (0-0).
Mål: Mari (1).
Jamn og velspelt kamp mellom to gode lag i går. Dessverre var gjestane meir effektive.
Det stod 0-0 til pause i ein omgang der Ravnjentene ikkje greidde å skåre på ein del gode sjansar.
Spjelkavik verka ufarlege framover, men dei hadde eit bra pasningsspel, var godt organiserte og
ga oss ikkje fred. Tidleg i 2. omgang tek dei leiinga når dei spelar seg fint igjennom.
Eit kvarter seinare utliknar vi når Mari set ballen i vinkelen med ein glimrande skot.
Vi trykker på for å vinne kampen, men det er Spjelkavik som lukkast med å pirke den avgjerande ballen i
mål etter at vi ikkje greier å avklare skikkelig.
Spjelkavik er naturlegvis svært nøgde med å få med seg 3 poeng i denne kampen, medan vi er tilsvarande skuffa.
0 poeng var dårleg betalt for innsatsen vi la ned, men slik er det av og til i fotball.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv