Tøff kamp og knepent tap for J14

16 mai 2013
Skrevet av:

J14 7er 1. div: Sykkylven-Ravn1 1-0 (1-0).
Fjorårets kretsmester stod på motsatt banehalvdel då Ravnjentene var på Sykkylvstur i går.
Sykkylven har eit knallgodt lag, og det var heilt klart at det var ei tøff oppgåve som venta oss.
Men jentene la igjen all respekt i garderoba og gjekk hardt ut med maks innsats og ei hærleg
innstilling. I 1. omgang var det vi som køyrde kampen, vi spelte oss til ein god del sjansar som
vi dessverre ikkje fekk uttelling på. Derimot fekk vi eit mål i fleisen midt i 1. omgang på eit langskudd som
gjekk forbi ein dekka Ravnkeeper. Der var vi litt uheldige. Litt flatterande var det derfor at Sykkylven leia 1-0
til pause.
2. omgang vart prega av svært mykje tette duellar. I denne omgangen var det nok Sykkylven som var best, dei
hadde dei fleste sjansane, men vikarierande keeper Anne Margrethe (vanlegvis back) stod glimrande og nekta
Sykkylven mål. Sykkylven var først og fremst solide bakover og hadde ein god keeper. Vi tapte kampen, men
var spelemessig heilt på høgde, og fekk vist at vi skal være med å kjempe i toppen.

Terningkast 1 til butikkane i Sykkylven som stenger kl 20, slik at vi ikkje fekk snopa etter kampen. Talentlaust.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv