Stortap for damelaget på Høddvoll

23 mai 2013
Skrevet av:

Dame 9er 4.div.: Hødd2 – Ravn 14-5 (6-4).
Måscorarar for Ravn: Emilie Kalvatn 2, Pauline Neergård, Marie Henriksen og Ingrid Vatne.
Resultatmessig ein tung dag for jentene på Høddvoll, men vi hang godt med så lenge kreftene holdt.
Hødd sjokkåpna og scora det første målet allereie etter 1.min. Ravn vakna etterkvart, og vi spelte oss til leiing 2-1 utover i omgangen. Jentene får meir enn godkjendt for første omgangen sin, men utover i andre omgang viste Hødd at det skal vere forskjell på dei som trenar 3-4 gongar i veka og dei som trenar 1-2 gongar. Mange av desse jentene spelar til dagleg på 2. divisjonslaget til Hødd, og det viste godt utover i kampen.
Oppsummering: Godkjendt 1. omgang, men overmakta vart for stor i andre.
“Dagens Ravnjentepris” er også i dag delt. Den går til keeper Martine Otterlei og kaptein Pauline Neergård.
Martine for ein fantastisk 1. omgang, og til Pauline for stødigt og godt forsvarsspel, og for å stå fram på slutten av kampen då det butta litt imot. Synd at Martine vart skada, og måtte forlate bana tidleg i 2. omgang. (lett heileskaking.) Kjenner vi den godeste Martine rett så er ho allereie godt på bedringens vei.
Neste kamp er heime mot serieleiar Langevåg måndag 27.mai.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv