Pangopning av J14

01 mai 2013
Skrevet av:

J14 1. div: Ravn1-Volda 11-2 (6-0).
Laget: Elise, Hanne, Anne Margrethe, Benedicte, Anja, Emma, Emma Sofie, Fride, Mari, Sonja.
Mål: Fride (5), Benedicte (2), Emma (1), Sonja (1), Emma Sofie (1).
Spenninga var stor for jentene før møtet med 1. divisjon. Men det var ingen grunn til å grue seg. Med maks skjerping og innsats fra start, gjekk det kort tid før vi hadde god kontroll på kampen. Laget spelar god fotball, og med Fride Lianes på topp i godt slag blir det vanskelig for Volda. Frå det 7. til det 24. minutt skårar Fride 4 mål. Ytterlegare 2 mål rett før pause av Mari og Emma, gjer at vi kan gå til pause med komfortable 6-0. I starten av 2. omgang gjer vi nokre endringar i formasjonen, og Volda slepp kanskje litt lettare til. Etter eit kvarter har begga laga skåra 2 gonger kvar og det står 8-2, Fride (igjen) og Benedicte har skåra for oss. Vi køyrer på vidare, Volda heng ikkje med, og mål av Benedicte, Sonja og Emma Sofie gjer at det blir 11-2 til slutt. Det må leggjast til at Volda stilte redusert til denne kampen, og med småskader og berre ein innbyttar vart det blytungt for dei. Men det var først og fremst jentene som spelte ein hærleg kamp. Mykje gode enkeltprestasjonar, men det var lagspelet som var det store. Publikum storkosa seg på stadion i dag, og fleire var nok overraska over det jentene viste.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv