Nok eit stortap for damelaget.

28 mai 2013
Skrevet av:

4.div. 9er : Ravn – Langevåg 1-11 (0-3).
Målscorar for Ravn : Pauline Neergård.
Nok ein resultatmessig tung dag for jentene. I dag må vi berre innrømme at Langevåg var eit mykje betre lag, og vann veldig forjent.
Kva så med Ravn. Jau, vi starta bra og hang, også i denne kampen, relativt godt med i første omgang, men det vart for sporadisk.
Litt for mange som ikkje hadde dagen, eller trua. Eller begge deler. Det vart litt halvhjerta. Veldig mange offensive balltap gjer at det vert mykje “jaging”, og dette tek på kreftene. Sleit også med eit Langevåglag som var veldig flinke til å bruke bakrom. Dette fekk vi retta opp i etterkvart. Mange av spelarane vert også litt for “låst” i rollene sine, og då vert det ikkje akkurat Barcelonafotball.
Det mest positive var at vi avslutta godt. Plutseleg var det mange som stod fram, backane kom på sugande løp, og vi spelte oss til fleire til dels store sjangsar. Det var også i denne perioda vi scora. Flott mål av Pauline.
“Dagens Ravnjentepris” går i dag til Pauline Neergård. Veldig jamt mellom mange i dag, men Pauline får den for måten ho, også i dag, står fram på og dreg lasset i motgang. Her har mange noko å lære.
Det er 3 kampar igjen av vårsesongen, og eg har her og no, på vegne av jentene, bestemt at vi skal vise oss frå ei betre side i desse kampane. Då skal alle vere friske og skadefri, alle skal ha ein god dag, og det skal vere kjemisk fritt for eksamenar og store prøver. STÅ PÅ JENTER.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv